tag:blogger.com,1999:blog-67371896265780052892024-03-05T10:24:09.920-08:00Faglege tankarArnfinn Kjellandhttp://www.blogger.com/profile/15250518861534581302noreply@blogger.comBlogger16125tag:blogger.com,1999:blog-6737189626578005289.post-79295174389825018442021-04-29T12:33:00.001-07:002021-04-29T12:33:27.005-07:00«Kulturminnestig» på Øverlismoen, Lesjaskog
Dette er teksten til ein artikkel eg skreiv for Kyrkjeblad for Lesja og Lesjaskog som vart trykt i nr. 1, 2021. Den er skriven for bygdefolket, der eg rekna med dei fleste er såpass lokalkjende at dei kjenner stadane som er nemnde, ikkje minst gjennom bygdeboka. Kartet nedanfor ligg òg på lokalhistoriewiki.

På Lesjaskog, nærare bestemt området kring kyrkja, finst det
særs mange kulturminne. Utanom kyrkja er det sjølvsagt Skulemuseet i Lisser og
Kornmagasinet. Men når ein ser litt nøyare på det som finst her og koplar det
til meir allmenn bygdehistorie, kan ein sjå mykje meir.<o:p></o:p>

Utgangpunktet for dette prosjektet var hausten 2020 da ei
lokal gruppe fann ut at vi ville sjå nærare på tilstand og vedlikehaldsbehov for
Skulemuseet i Lisser, som er ei avdeling av Lesja bygdemuseum. Vi tok sjølvsagt
kontakt med museet om vedlikehaldet og fekk rask og positiv respons på at vi engasjerte
oss. Vi vonar det blir råd å få utført visse tiltak til sommaren.<o:p></o:p>

Men vi meiner òg det har vore litt for lite aktivitet kring
museumsavdelinga dei seinare åra, og klødde oss i hovudet for å prøve å kome
fram til kva som må til for betre å få utnytta den fine plassen. I den
‘idémyldringa’ som følgde, kom det først opp forslag om ein kulturstig i
området. Og når vi først sette opp ei liste over aktuelle kulturminne vart vi
litt overraska sjølve; det er mange fleire kulturminne kring kyrkja enn nokon av
oss hadde tenkt! Da kom det sjølvsagt opp forslag om å formidle informasjon
om alle desse på ein litt spesiell måte (sjå nedafor).<o:p></o:p>

Kulturstigar er tradisjonelt utstyrt med informasjonsskilt
ved kvart kulturminne, der besøkande kan lese om kva dei ser. Men da vi begynt
å telje opp kulturminneobjekt innafor det eigentleg nokså vesle området det er
snakk om, kom vi til nærare 20! Å få produsert skilt som held seg over mange år
i ver og vind her i fjellbygda, er kostbart. Informasjon som blir trykt på
slike skilt er òg fiksert. Viss nokon finn ut meir viktig informasjon om
objektet må det lagast nytt skilt, og det er jo kostbart.<o:p></o:p>

Av den grunn utvikla idéen seg vidare: kanskje satse på litt
enklare skilt, som sjølvsagt er solide og mest muleg vedlikehaldsfrie, men der informasjonen
om det enkelte kulturminnet blir formidla på ein annan måte? For det kan
forteljast mykje om dei fleste objekta her, og det er utfordrande viss ein berre
skal bruke skilt. Vi har derfor tankar om ei anna løysing.<o:p></o:p>

Men la oss først sjå litt på dei kulturminneobjekta på
Lesjaskog som vi meiner bør framhevast.<o:p></o:p>

Kart over Øverlismoen, for kulturstigsøknaden. Her manglar fleire kulturminne.

Kring parkeringsplassen:

<o:p></o:p>

Kyrkja er sjølvsagt det sentrale kulturminnet her. I
hundrevis av år har bygdefolket opplevd viktige seremoniar med dåp,
konfirmasjon, giftarmål og gravferd, og mange meir allmenne gudstenester i
dette huset.<o:p></o:p>

Kulturhistorisk viser akkurat denne kyrkja til eit
kyrkjeinteriør frå slutten av 1600-talet, frå slutten av det som er kalla rettlæretida.
Luthersk ortodoks lære skulle forkynnast, ingen andre tilnærmingar var tillate.
Men ho er òg noko såpass sjeldan som ei bedriftskyrkje for det
jernverket som var i drift litt lenger aust i bygda. Her ser ein til dømes på
dørene til kyrkjebenkane korleis eigarane, funksjonærane og arbeidsfolket var
plasserte etter rang, med bygdefolket lenger bak.<o:p></o:p>

Nedanfor kyrkja ligg Kyrkjebakken, ein samlingsstad for
bygdefolket i eldre tid, før og etter messa. Kyrkjebakken var datidas «sosiale
medium»; her kunngjorde lensmannen kongelege eller seinare kommunale påbod, her
kunne folk utveksle røynsler og drøfte politikk, avtalar og mykje meir.<o:p></o:p>

Og nedanfor Kyrkjebakken står Kyrkjestugu. Den eldste delen,
ei eldre stugu frå Brandlie, vart sett opp kring 1872 som eit kyrkjelyds- og
kommunehus for Lesjaskog soknekommune og for Lesjaskog kyrkje,.. Kyrkja hadde
den tida ikkje omn, så det var nok eit ønskje om oppvarma hus særleg for barna
før dåpsseremonien som førte til bygginga. Det skal òg ha vore halde skule i
Kyrkjestugu, og det var bedehus lenge her. I 1983 vart det oppført eit nytt
tilbygg.<o:p></o:p>

Kornmagasinet er òg eit interessant kulturminne. Det viser
tilbake til naudsåra før grunnlovsåret 1814, da mangelen på matkorn i landet
førte til at mange svalt og til og med døydde. Da innsåg bygdefolk både i Lesja
og mange andre stader at å ha magasin der ein kunne lagre korn frå år med
overskot, ville vere eit viktig tiltak for å unngå slike kriseår. Magasinet her
er frå 1818; på Lesja kom tilsvarande i 1820.<o:p></o:p>

Vidare er det som kjent tre minnesteinar nedanfor
parkeringsplassen, der den eine heidrar veteranane frå krigen 1807–1814, den
neste dei som fall på Lesjaskog under siste verdskrigen og den siste minnest
den store utvandringa til Amerika frå Lesja.<o:p></o:p>

Inne på kyrkjegarden finn vi sjølvsagt mange fine gravminne,
der alle i og for seg er kulturminne om bygdefolk frå langt tilbake i tid. Men
det er graver der som vi kan rekne for spesielle; dei er over tre engelske
soldatar som døydde i den fryktelege togulykka ved Knipstugu på Lesjaverk natt
til 1. mai 1940. Der omkom også fire andre engelske og fire norske soldatar. Desse
er heidra på minnesteinen.<o:p></o:p>

Litt nedanfor kyrkjegardsmuren og framafor Kornmagasinet står
eit nokså nytt kulturminne, bautaen over Sigurd Einbu, utforma av
lesjaskogingen Ola Enstad (1942-2013) og oppsett i 2009. Sigurd Einbu var født
på Nordi Lie litt lenger nord på Lesjaskog. Han vart lærar og busette seg på
Dombås, men vart etter kvart kjend også langt utanfor Noreg som astronom.<o:p></o:p>

I museumsområdet:<o:p></o:p>

Ligg sjølvsagt sjølve Skulemuseet, som eigentleg er den
nørdste delen av den tømrastugu som står øvst på tomta til Lesja bygdemuseum,
Tandseterstugu. Her er det samla eldre skulemateriell frå omgangsskuletida (før
slutten på 1800-talet) og ting som har vore vanlege i fastskulen oppover mot
nyare tid: kart, plansjar, lærebøker og så vidare. Det er òg eit møterom i
stugu, med skorstein og rosemåla tak utført av Ragnvald Einbu. Dette taket er
frå ei av hotellbygningane i Mølme. Tandseterstugu er ei gamal tømrastugu frå
Tandsetre på Lesjaverk, truleg frå 1700-talet.<o:p></o:p>

Her går den gamle «Kongevegen»; som eigentleg er «Den
Romsdalske hovedvei» og den første vegen som vart opparbeidd for å køyrast med
hest og kjerre opp Romsdalen og til Dovre. Det skjedde sist på 1700-talet og
var hovudvegen fram til oppgradering til «chausseé»-standard og delvis
omlegging i åra frå 1860 til 1888.<o:p></o:p>

Denne vegen gjekk over Mølmsåe omtrent der brua er i dag,
men så mellom Kyrkjestugu og kyrkjebakken og rett bortover til det området som
har det litt merkelege namnet Lisser. Vi kjenner ikkje opphavet til
namnet, men det er i vanleg bruk også litt nedanfor sjølve museumsområdet. Der
finn vi Lissersvingen på den gamle riksvegen. Den kom til da den gamle
vegen vart lagt utanfor Kyrkjestugu og i sving rundt Lisser. Der finst eit anna
kulturminne; den oppmura kvilesteinen med årstalet 1888 på ein oppreist
bautastein. Årstalet viser til da vegen var omlagt. Bautasteinen har elles ein
skade etter bombing i aprildagane 1940, så den er eit eige kulturminne.<o:p></o:p>

Gamlevegen kjem opp bakken nordfrå til eit litt morosamt
kulturminne rett innafor grinda; truleg ein eldre kvileplass; det såkalla «Kortbordet»,
med eit steinbord og nokre ‘sitjesteinar’ rundt. Det er ein plass karane etter
eldre, ikkje spesielt ‘kvalitetssikra’ tradisjon samla seg for å spele kort
medan kjerringane var på kyrkjekaffe eller basar ved Kyrkjestugu...<o:p></o:p>

Mellom den gamle riksvegen og museumsområdet er det òg eit
tydeleg bombekrater frå 1940. Det er fleire minne frå dei dramatiske dagane i
området, da det særleg gjekk hardt ut over kyrkja, Mølmen hotell og dei norske
og engelske soldatane som var på tilbaketrekking etter at kampane ved Kvam og
Dombås var avslutta. To av soldatane som er namngjeve på minnesteinen døydde
her.<o:p></o:p>

Museumslåven frå Fjellstad (før Hosetøygarden) på Nordmo
vart gjeve som gåve frå Iver Fjellstad (1915-2001). Han var mangeårig eldsjel i
historielags- og museumsarbeidet i Lesja. Førebels er låven brukt som lager,
med for så vidt litt spennande innhald, så det er idéar om å bruke han meir
aktivt.<o:p></o:p>

Litt ovanfor kyrkja er det òg registrert eit par kolmiler.
Det er, på same måte som kyrkja, ein type kulturminne frå jernverkstida, men
dei er sjølvsagt ikkje like tydelege. Mange har sikkert lagt merke til slike miletufter
rundt omkring i bygda, særleg på Lesjaverk og Lesjaskog. Nyare gransking ved
hjelp av laserskanning frå fly kombinert med synfaring på bakken har vist at
det må vere over tusen slike kulturminne i Lesja!<o:p></o:p>

Ved Mølme

<o:p></o:p>

Og til sist har vi Mølme like nedanfor kyrkja. Denne garden
oppstod som kjent som husmannsplass under Øverlie tidleg på 1700-talet. I 1795 vart
Mølme frådelt som sjølveigande bruk med rett til å drive gjestgjevarverksemd. Det
var nok starten på garden som sentrum på Skogen. I 1818 vart kornmagasinet sett
opp på Magasinhaugen like vest for tunet, og i 1837 vart det etablert
skysskiftestasjon her. Den vart utvida til skysstasjon i 1852, tre år før
kyrkja vart flytt hit. Skysstasjonen var nedlagt da Raumabanen opna.<o:p></o:p>

Og i 1874 kom den første bygninga til Mølmen hotell
opp, starten på ei hundreårig reiselivsbedrift med internasjonale gjestar, eiga
tennisbane og landhandel – og militær kommandoplass i aprildagane 1940!
Dessverre er det slutt på hotelldrifta nå, men ho kan dokumenterast med mange
bilde.<o:p></o:p>

Det er altså mykje å fortelje om alt vi finn på det etter
måten vesle området Øverlismoen kring Lesjaskog kyrkje.<o:p></o:p>

Ei aktuell kulturstigløysing

<o:p></o:p>

Kulturstigar går tradisjonelt etter ei løype. Det er vi litt
usikre på her; kulturminna står litt rundt omkring, men vi satsar i alle fall
på eit oversynsskilt og kanskje ein enkel brosjyre med kartskisse på
parkeringsplassen ved kyrkja.<o:p></o:p>

Men korleis fortelje? Førebels er idéen at vi skal merke
kvart objekt med nokså enkle skilt der det i alle fall står namnet og kanskje
nokre stikkord, og i tillegg ein såkalla QR-kode. Det er noko vi kjenner
frå mange stadar, liknande strekkodane på stort sett alle handelsvarer.<o:p></o:p>

QR-kode til oversynsartikkel.

Det vi så ser for oss, er at QR-kodane viser til omtale på
nettstaden www.lokalhistoriewiki.no.
Der er det allereie mange artiklar, som kan utvidast viss ein vil det, og alle
har lenker vidare til utfyllande informasjon for den som er interessert i det.

<o:p></o:p>

Kven er så målgruppa?

<o:p></o:p>

Vi har særleg tenkt oss at skulane i bygda kan ha nytte av
dette, og har fått positive signal frå Lesjaskog skule. Det er denne
skiltløysinga med kopling til lokalhistoriewiki vi i år søkjer
Sparebankstiftinga DNB om støtte til.<o:p></o:p>

Men tilbodet vil sjølvsagt stå ope for kven som helst og når
som helst. Bygdefolk og hytte-/fritidsfolk kan få utvida kunnskapen om
kulturminna her når det passar. Viss det kan skiltast ved Europavegen eller
området kan leggast til meir allmenn turistinformasjon, kan jo tilfeldig
forbipasserande òg finne stoff av interesse her.<o:p></o:p>

Og teknologiutviklinga går som vi veit raskt. Noko som blir
kalla lyddusj blir teke i bruk til munnlege forteljingar. Ein høgtalar
liknar eit dusjhovud heng over interessante objekt, og ved å trykke på ein
knapp kan ein høyre forteljinga. Det finst til dømes i Vågå knytt til deira Edvard
Munch-vandring. Kanskje det blir neste steg?<o:p></o:p>

Arnfinn Kjellandhttp://www.blogger.com/profile/15250518861534581302noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-6737189626578005289.post-10808626128221545822021-01-08T03:02:00.001-08:002021-01-08T03:03:05.977-08:00Oppdatering
For ordens skyld, sidan eg ikkje har brukt denne bloggen på ei tid. Men eg har jo hatt diverse andre kanalar for faglege tankar (eller helst verksemd).

Viktigast er nok Snøhetta forlag a.s, der eg tok over som dagleg leiar 1.1.2020 og har ei lett oppdatert personleg heimeside. Det er sterkt varierande arbeidsoppgåver knytt til den verksemda, men i 2020 fekk eg ein del å gjere med den boka vi gav ut like før jul: «...folkets lengsel efter en ny og bedre tid». Nasjonal Samling i Lesja 1940–1945 av Martin Enstad. Har òg hatt mange faglege samtalet med han; som har eit anna fagleg tyngdepunkt enn eg, og eit yrkesliv som historielærar (først og fremst) for vidaregåandeelevar.

Hausten 2019 og gjennom 2020 tok eg på meg ein del ekstra redaksjonelt arbeid for å avlaste dei i fagmiljøet i Volda som framleis hadde mykje å gjere med undervisning og korona-oppgåver. Dermed fekk vi heldigvis i fjor haust ut antologien om mikrohistorie.

Det historiefaglege prosjektet eg arbeider med er i hovudsak historia til det vesle jernverket som var på Lesja frå 1660 til først på 1800-talet. Det har eg òg vald å skrive kortare populærfaglege artiklar for lokalavisa Vigga, som eg i etterkant publiserer på ein eigen blogg for å sleppe betalingsmuren. Til prosjektet har eg òg ei opa facebook-gruppe.

Og inn i mellom administrerer eg framleis dugnadsprosjektet med kjelderegistrering for Rauma historielag sitt prosjekt Bygdebok for Grytten, Hen og Vågstranda.
Arnfinn Kjellandhttp://www.blogger.com/profile/15250518861534581302noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-6737189626578005289.post-45312272336187528372019-02-14T00:00:00.002-08:002019-02-14T02:53:17.815-08:00Har dataprogrammet Busetnadssoge (BSS) ei framtid?

Svært mange innlegg i denne bloggen har vore innom dette dataprogrammet på ymse måtar, sjå kanskje særleg dette frå januar 2016. Programmet vart utvikla av Ole Martin Sørumgård i Snøhetta forlag a.s (sidene er under gjenoppbygging) på Lesja i åra 1999-2004, medan eg var prosjektleiar. Ole Martin har seinare drive feilretting, vedlikehald og gitt brukarstøtte til til saman 11 busetnadshistorieprosjekt: kommunane Sula og Volda (som var pilotprosjekt med meg som leiar), Herøy, Haram, Stor-Elvdal, Vang på Hedmark, Ullensvang, Bardu, Høland og Setskog, Surnadal og Rakkestad.

Nokre av desse har vore det vi kan kalle "fullskala" prosjekt, der primærkjeldematerialet først har blitt registrert på ymse måtar (BD87, RUBREG, excel, Augustus osv.), så importert i BSS der "forfattaren" har teke over, normert viktige variablar (særleg alder og person- og stadnamn) for å lette søkinga og så utført familierekonstruksjonen og oppretta bustadregisteret. Andre har vore meir tilpassingar av prosjekt som har vore starta opp med andre verktøy eller med avgrensa mål som oppdatering av eldre utgåver.

Snøhetta står no overfor ei vurdering av framtida for programmet. Det vart utvikla i åra 2000-04 og fungerer for så vidt greitt nok framleis reint bygdebokfagleg. Men i høve den allmenne teknologiske utviklinga er programmet forelda; det har t.d. hatt problem med overgangen til nye versjonar av Microsoft sitt operativsystem. Vi meiner no BSS må gjennomgå ein større oppgradering viss det skal kunne brukast til nye slike prosjekt, i alle fall fullskala.

I den samanhengen kan det nemnast at BSS òg har vore med i prosjektet Norsk historisk befolkningsregister som (mindre) partner, der målet har vore at dei underliggande BSS-databasane, i alle fall dei eldre delane utan personsensitiv informasjon, skal kunne importerast i histreg. For å få det til å fungere optimalt, må kjeldene til nye prosjekt ev. gå vegen om Digitalarkivet for å få med seg dei permanente ID-ane der.

<o:p></o:p>

Det vi no er usikre på er om sjangeren snart er i ferd med å "døy
ut" (slik fleire har spådd), og at det dermed vil vere bortkasta å foreta ei slik større oppgradering. Det vil òg medføre ikkje ubetydelege kostnader, som Snøhetta i prinsippet bør klare å dekkje opp gjennom ein kombinasjon av ymse støtte (vi fekk ein del m.a. frå Kulturrådet og DU sist, og vil ev. søkje på nytt) og sal-/driftsinntekter. Erfaringa er at det å investere i eit slikt program sit litt langt inne for slike prosjekt, sjølv om bruk av BSS nok betyr betydeleg innsparing i høve andre metodar (NB eg er altså medeigar og styreleiar i Snøhetta, men skriv dette først og fremst som fagperson.)

Etter som vi treng gode argument for å gå i gang med ei større oppgradering av BSS, ber vi med dette fagmiljøet om synspunkt på nokre spørsmål vi har stilt oss: Kjem det til å bli starta opp såpass mange nye prosjekt at det vil vere ein "marknad" for BSS i dei næraste par tiåra? Vil nye prosjekt satse på "fullskala" personinformasjon (altså alle dei store kjeldeseriane, som altså må innom Digitalarkivet)?

<o:p></o:p>

Arnfinn Kjellandhttp://www.blogger.com/profile/15250518861534581302noreply@blogger.com7tag:blogger.com,1999:blog-6737189626578005289.post-58138567901202158292018-02-13T06:39:00.000-08:002018-06-06T06:33:45.268-07:00Om omfanget av busetnadshistorie sidan først på 1900-taletAt den klassiske busetnadshistoria lever vidare kan ein lese av Norsk lokalhistorisk institutt sin bibliografi (gå inn kommunevis).

Eg har nettopp gjort eit forsøk på å sortere frå og legge saman alle verk som er nemnde i desse bibliografiane (og i andre kjelder, særleg Oria/Bibsys) og som kan kallast busetnads- eller gards- og slektshistorie. Der har eg brukt titlane, som i dei fleste tilfelle er eintydig. I tillegg har eg sjekka innhaldet i dei titlane som er mindre presise og som er publiserte på Nasjonalbiblioteket (bokhylla.no), og i dei som berre har metadata har eg "godtatt" dei som har emne "gårdshistorie" + "slektshistorie" osv. i Oria (Bibsys).

Det førebelse resulatat er at det per i dag (februar 2018) er gjeve ut over 1460 bind på til samen neste 820.000 sider eller ca. 561 sider per bind i snitt. Da har eg til ein viss grad tatt omsyn til at ein del verk har kombinerte allmenn- og busetnadshistorie-innhald, og har rekna frå den allmennhistoriske delen i sidetalet.

Og NB: dette er framleis minimumstal. Det er nok komne ut slike bøker som ikkje er blitt fanga opp av NLI, som jo heller ikkje operere med dei to delsjangrane, og som sikkert ikkje har fått inn alle utgjevingane som kom før jul i 2017.

Førebels resultat av undersøkinga, talet på boksider fordelt på fylke:

Førebels resultat av undersøkinga, publisert sidetal fordelt på femårsperiodar etter 1970:

Arnfinn Kjellandhttp://www.blogger.com/profile/15250518861534581302noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-6737189626578005289.post-5341271888609699182017-08-24T04:59:00.000-07:002017-08-24T04:59:43.582-07:00Om å kople "fiksert" informasjon (papirformat) med dynamisk informasjon (på nett) - med busetnadshistorie som dømeNår ein sakprosatekst blir trykt på papir kan ein seie den blir "fiksert" på same måte som eit fotografi. Om ein så oppdagar feil eller manglar i teksten er det vanskeleg å få retta det som er trykt.

Motsetninga er nettbasert tekst, særleg artiklar på nettstader som Wikipedia og lokalhistoriewikien. Her kan teksten stadig vidareutviklast, og i tillegg kan ein gå tilbake til alle tidlegare versjonar gjennom sidehistorikken.

Ein sjanger som busetnads- eller gards- og slektshistorie er særleg ramma av dette problemet. Personlistene (familieoppsetta) i slike verk er som regel rimeleg fullstendige, men gardshistoriedelane kan vere låste i nokså faste former. Det gjorde eg i alle fall sjølv, da eg arbeidde med Lesjabøkene på 1980- og -90-talet. Eg la ein nokså fast disposisjon for kvar gardshistorie, og avveik ikkje nemnande frå den, inspirert av Andreas Holmsens oppskrift frå 1948.

Som eg har vore inne på før, internett har eigentleg revolusjonert formidling av fagleg stoff. Inntil for om lag tjue å sidan var det stort sett avgrensa til trykt form: blader, hefte, aviser og bøker (i tillegg til munnlege og visuelle uttrykk, sjølvsagt, særleg radio og TV). Så kom nettet, der ein kan formidle på liknande måte som på papir, men der ein òg fortløpande kan bytte ut og oppdatere informasjonen. Og med sterkt aukande lagringsplass på diskar eller i "skya", er dei avgrensingane ein før hadde i talet på ord, sider og/eller trykke- og distribusjonskostnader meir eller mindre borte.

Lettast tilgjengeleg for slik informasjonsspreiing er truleg wiki-formatet, som gjer det enkelt for kven som helst å publisere stoff; ja kven som helst med litt over middels IT-kompetanse kan laste ned wiki-koden og opprette sin eigen wiki. Eg har hatt studentar med slike, og eg har i denne samanhengen altså gjerne vist til lokalhistoriewikien, særleg for gardshistoriedelane i slike busetnadshistorieverk (sjå lenka først i førre avsnitt). Eg har til og med laga ein innføringsvideo om nettstaden (under Hjelpefiler).

Som eg har reflektert litt over i dette innlegget (mellom mykje anna), trur eg nok det i overskuelege framtid vil vere mest aktuelt å publisere bustetnadshistorie i bokform, der befolkningsdelane (familiane) i alle fall bør inngå, i tillegg til relevante illustrasjonar og tekstleg informasjon om garden / busetnadseininga i ei eller anna form.

I det siste har eg gjort meg nokre tankar om korleis ein kan kople slik trykt informasjon (familiane) mot digital informasjon (gardshistoria med meir), når den blir skrive på ein permanent nettstad, t.d. lokalhistoriewikien. Ein kunne sjølvsagt, under overskrifta til ein gard, ha lagt inn URL-en (lenka) teikn for teikn, t.d. slik:

Ner-Brøste

https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Ner-Br%C3%B8ste_(Rauma) - men det er ikkje akkurat særleg brukarvenleg.

Eit litt betre alternativ ville vore å krympe URL-en, som det finst fleire gratisverktøy til, t.d. tinyurl.com. Da ville det blitt slik:

Ner-Brøste

http://tinyurl.com/Ner-Broste

eller kanskje ein QR-kode, slik:

Ner-Brøste

(Har du ein qrkodeleseapp på mobilen eller lesebrettet skal du no få opp loklahistoriwiki-artikkelen om Ner-Brøste i Rauma. Slike appar finst det mange av, også gratis.)

Ikkje så veldig dekorativt, sjølvsagt, men etter kvart har jo mange telefonen eller lesebrettet liggande nære seg og kan med ein slik app raskt slå opp på nettsida og finne meir stoff. Og det stoffet kan jo stadig utvidast / forbetrast, med tekst, lenker, bilde osv. osv. - det vil vere dynamisk.

Kom gjerne med synspunkt nedafor her på om eit slikt kombinert papir- og digibokformat kan vere av nokon interesse særleg innafor busetnadshistoriefeltet!

Arnfinn Kjellandhttp://www.blogger.com/profile/15250518861534581302noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-6737189626578005289.post-4513828094938674162017-02-14T00:05:00.000-08:002017-07-14T02:29:00.306-07:00Oppdatere Bygdebok for Lesja - gards- og slektshistoriebinda?Til jul i år er det 30 år sidan første bindet av bygdeboka for Lesja vart lansert. Så gjekk det fem år til neste bind (1992) og så fire år til verket vart fullført i 1996 (eg har skrive litt om prosessen i dette innlegget frå november 2014). Det første bindet vart utseld ein gong før eller kring 2010, og alle er elles tilgjengelege på bokhylla.no (lenker her).

Ut over 2000-talet, og særleg etter 2010, har eg fått spørsmål om det går an å oppdatere verket. Personinformasjonen manglar jo snart for ein heil generasjon, i alle fall på Skogen. Oppdatering er sjølvsagt muleg, t.d. slik det er gjort i Herøy kommune i Møre og Romsdal. Eg har elles vore involvert i mange bygdebokprosjekt etter eg vart tilsett ved Høgskulen i Volda. Grunnen er nok at eg er den einaste historikaren her med personleg erfaring frå slikt og tilgrensande arbeid.

Som nemnt i innlegget frå november 2014 starta eg i 1993, saman med Bjarne Fossøy, Snøhetta forlag a.s (heimesida bør oppdaterast). Forlaget hadde ymse ordinære utgjevingar utover -90 og 2000-talet, men spesialiserte seg etter kvart på bygdebokprosjekt, først i samband med Bygdabok for Lom, men først og fremst gjennom utviklinga av dataprogrammet Busetnadssoge - BSS. Gjennom det programmet er Snøhetta nå kopla til prosjektet Norsk historisk befolkningsregister som partnar.

Våren 2011 fann vi i Snøhetta ut at vi skulle sende eit tilbod om oppdaterng av bygdeboka til Lesja kommune. Det tilbodet fekk vi aldri svar på, men over sommaren i år kontakta eg uformelt rådmannen (som var ny sidan 2011) om han var interessert, og fekk positivt svar. Eg hadde så eit møte med han og oppvekst- og kultursjefen 9. september, og sendte i etterkant inn eit utfyllande notat om eit slikt muleg totalt oppdateringsprosjekt, også med tilbod om å utgreie det i form av eit forprosjekt (sjå siste side i notatet). Notatet vart lagt til grunn for saksutgreiing til livsløpsstyret, som vedtok forslaget og sette av kr 80 000 til å få utarbeidd eit forprosjekt som skal kunne nyttast som grunnlag for politisk vedtak om eit eventuell hovudprosjekt.

Fredag 10. februar hadde vi så eit førebuande møte på kommunehuset der det blant anna vart drøfta korleis forprosjektarbeidet bør leggast opp. Er det behov for eitt eller fleire opne møte der interesserte bygdefolk får nærare informasjon om korleis eit slikt oppdateringsarbeid kan gjerast og får kome med innspel? Vil dei som ev. kjem på slike møte vere representative for bygdefolket? Eg vil gjerne kople til skulane og kan gjerne vise korleis elevar kan bruke lokalhistoriewikien (sjå det utfyllande notatet om slik bruk) til å presentere lokalhistorisk stoff t.d. om eigen gard, eiga seter, biografi om besteforeldre osv. - men er skulane interessert i eit slikt prosjekt / slik bruk av lokalhistoriewikien?

Konklusjonen vart at eg i første omgang opprettar ei opa Facebookgruppe for dette forprosjektet, der eg kan svare på spørmål, alle kan kommentere, vi kan opprette meiningsmålingar kring viktige spørsmål o.l. I den gruppa er alle velkomne - det er ikkje noko minstekrav til tilknyting til bygda (t.d. alle besteforeldre fødte innafor kommunegrensa:-).

Spørsmål og kommentarar kan òg leggast inn nedfor her. Kjør debatt!

Arnfinn Kjellandhttp://www.blogger.com/profile/15250518861534581302noreply@blogger.com1tag:blogger.com,1999:blog-6737189626578005289.post-6728633642249407392016-11-15T10:28:00.001-08:002016-11-15T10:28:56.006-08:00Dugnadsprosjektet med registrering av kjelder for Grytten, Hen og VågstrandaSidan før sommaren har eg vore involvert i eit samarbeidsprosjekt med Rauma historielag som førebels går ut på å dataregistrere kyrkjebokinformasjon for dette området ved hjelp av gratisprogrammet Augustus frå Slekt og Data.

Historielaget har oppretta eit meir ambisiøst prosjekt, men min involvering er førebels kopla til eit større nasjonalt prosjekt eg har vore med i nokre år, Norsk historisk befolkningsregister (HBR), der resultata frå registreringane vil gå inn. Lenka går elles til den opne delen av HBR, men totalprosjektet er meir omfattande - mellom anna er intensjonen å kople dei opne historiske dataa til den nasjonale folkeregisteret for å kunne forske på ymse tema med slike longitudinelle data. Mi deltaking i HBR er altså med avgrensa databasar som er bygde opp med dataprogrammet BSS, slik eg har vore inne på i dette innlegget, og eg vonar eg kan få bygd opp eit slikt register for Grytten, Hen og Vågstranda i Rauma kommune.

Historielaget har altså bygdebok av busetnadshistoriesjangeren som mål. Det klarer dei (vi) kanskje å få til, men det er ein lengre veg dit, særleg økonomisk. Det vi no er i gang med - registrering av kyrkjebøkene (og gjerne andre tilsvarande kjelder) - kan fullførast på dugnadsbasis, og det er heilt nødvendig å ha denne grunnmuren på plass før ein kjem særleg lenger (det er sjølvsagt òg andre oppgåver som kan løysast på dugnad, t.d. innsamling av bilde og andre illustrasjonar, slik eg har vore inne på i dette innlegget).

Men det er altså "grunnmuren" vi bygger nå, og det er ikkje så reint få interesserte som er blitt med, jf. denne (lukka) facebook-gruppa. Dei tar etter kvart på seg kvar si liste frå dette utvalet - og det er nok å ta av.

Når så dei enkelte listene (døypte, vigde, gravlagde osv.) er ferdig registrerte og i alle fall sett over / korrekturleste, blir dei publiserte på Digitalarkivet sitt "pensjonat" under sitt eige namn (døme Solveig og Grete). Eit samla oversyn får ein via Digitalarkivet sin funksjon "Finn kilde", og det gir dette resultatet (for kyrkjebøker, men det er og mange andre kjelder der, særleg folketeljingane).

Ikkje alle som startar opp er like fortrulege korkje med programmet (Augustus) og lesing av eldre handskrift. Til det formålet nyttar vi Teamviewer, eit nyttig gratisprogram der vi koplar oss saman og hjelper kvarandre. Og viss ikkje det går bra, spør vi ekspertane på forumet for kjeldetyding på Digitalarkivet. Det er det mangre heilt fabelaktig flinke hjelparar - vi må bare hugse å takke dei!

Arnfinn Kjellandhttp://www.blogger.com/profile/15250518861534581302noreply@blogger.com2tag:blogger.com,1999:blog-6737189626578005289.post-72243882230965385242016-06-01T00:14:00.001-07:002016-06-01T00:14:28.395-07:00

Om skrivemåten av namn i bygdebøker

Ei av dei vanlegaste drøftingstema eg har vore gjennom i alle dei busetnadshistorieverk eg har vore borti i dei 35 åra eg har vore involvert i sjangeren, er korleis namn, både personnamn og stadnamn skal skrivast. Blant stadnamna gjeld det særleg ei form: namn på gardar, gardsnamn.

Dette temaet er det mange som har sterke meiningar om, noko vi kan sjå langs offentlege vegar: namneskilt utsette for hærverk (overmaling o.l.) fordi "nokon" meiner å vete at det stadnamnet som står er "feil". Diskusjonane dukkar òg ofte opp når det kjem nye utgåver av kart, eller når stadnamn blir behandla av stadnamntenesta i Språkrådet.

Stadnamn er verna av eigen lov som språklege kulturminne (§ 1), og eg legg dei prinsippa som loven bygger på til grunn for mitt historiefaglege arbeid. Det betyr at eg ikkje vil kunne ta på meg skriveoppdrag der ein oppdragsgjevar pålegg meg å skrive stadnamn i strid med lova; stadnamn, også gardsnamn, skal skrivast med "utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen" (§ 4).

Hovudgrunnen til usemja er at folk blandar saman måten eit namn blir skrive på som stadnamn med korleis same namnet blir skrive som slekts- eller familienamn. Det heng gjerne saman med at slekts- eller familienamn ofte er skrive med utgangspunkt i eldre skriftformer som har vore brukt i eldre offentlege dokument, t.d. eigedomsdokument (skjøte) eller når stadnamna er brukte som personlege etternamn i kyrkjebøker og folketeljingar. Eit par døme frå Lesja er "Eneboe" for Einbu og "Tøndevold" for Tynnøl.

Måten stadnamn har vore skrive på i slike dokument har folk hatt stor respekt for. Eg har høyrt for mange fornuftige personar seie at namnet "eigentleg" er ei gamal skriftform, ikkje slik det bør skrivast etter den lokale uttalen. Merk det eg skriv her: "ei gamal skriftform". For det finst nemleg som regel mange slike gamle skriftformer av tilnærma alle gamle gardsnamn.

Når om lag 70 % av alle norske slektsnamn er opphavlege gardsnamn, som er verna av lova som kulturminne, kjem det derfor ofte opp konfliktar om korleis gardsnamna skal skrivast i bygdebøker. Da er det prinsippet eg følgjer at ein sjølvsagt skal skrive namnet som familienamn slik einkvar vil sjølv. Men som gamalt gardsnamn skal det skrivast i samsvar med stadnamnlova.

Personnamna (for- og etternamn) er det mindre konflikt om, men også der kan det kome opp usemje. Eit forhold er korleis folk i dag skrive familienamna sine, eit anna er kva som skal reknast som etternamn til ein person i litt eldre tid. Det var først i 1923 at det kom lovpålegg om at alle innbyggjarar i Norge skulle ha faste etternamn, det vi seie familie- eller slektsnamn. Etter ein periode over eit par generasjonar hadde gardsnamna, som etternamn i kyrkjebøker o.a., gått over til å feste seg som slektsnamn, som ein del av den vanlege samfunnsutviklinga, særleg flytting til byane. Tidlegare var slike namn adressa, dei viste til staden personen budde, og viss ho eller han flytta vart vedkomande ført inn med det nye gardsnamnet som etternamn i kyrkjeboka eller andre offenteleg dokument.

Eit godt prinsipp for føring av etternamn på personar som var vaksne før 1923 i bygdebøker og andre samanhengar er å bruke gardsnamnet skrive etter den lokale uttalen viss det ikkje kan dokumenterast at vedkomande sjølv skreiv namnet i ei bestemt form. Kva namneform andre har brukt er i den samanhengen ikkje relevant. (Det er rett nok også betydelege variasjonar i korleis folk skreiv namnet sitt sjølve etter 1923, så heilt enkelt er ikkje dette.)

Fornamnet er det siste punktet eg vil nemne. Heldigvis var tradisjonane sterke på dette feltet - barn skulle oppattkallast etter nokså faste mønster langt oppover mot vår tid. Dermed vart ikkje variasjonane så store. Men skriveforma, særleg i kyrkjebøkene, er sterkt prega av at prestane var utdanna i Danmark, og dei heldt fram med å skrive dansk langt utover 1800-talet. Gode norske fornamn som Ola var til Ole, Martin til Morten, Per til Peder osv. (det ser ut til å vere mindre avvik på jentenamna, anna enn ekstra h-ar i Marith, Brithe o.a.). Her bør ein etter mitt syn òg normere fram til ein veit kva folk sjølve skreiv.

Arnfinn Kjellandhttp://www.blogger.com/profile/15250518861534581302noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-6737189626578005289.post-91610419819777438522016-05-30T01:37:00.000-07:002016-05-30T01:37:02.200-07:00

Omgrepet busetnadshistorie som del av bygdebokverk

Eg har i snart 20 år argumentert for å erstatte det velkjente omgrepet gards- og slektshistorie (eller gards- og ættesoge) med busetnadhistorie (eller -soge).

Argumenta er gjeve att i artikkelen frå lokalhistoriewikien eg har lenka til ovanfor: denne sjangeren har dei seinaste tiåra ikkje berre behandla gardar, men i alle fall òg husmannsplassane, altså alle jordbrukseiningar. Og i mange nyare verk er det innarbeidd informasjon om nyare bustadar ("byggefelt" o.l.) og forteljande historie som går ut over jordbruket, grunngjeve med at det ikkje er den viktigaste næringa i storparten av landet. Ikkje ein gang i grisgrente utkantbygder har den gamle hovudnæringa lenger same plass som inntil for ei generasjon eller to sida. Derfor blir nå i ein del samanhengar "gardshistoria" supplert med næringshistorie over eit noko større område, t.d. i grender.

Det andre leddet, slektshistorie eller ættesoge, er enda meir misvisande, sjå oppslagsorda genealogi og slektskap i Store norske leksikon og slekt på slektshistoriewikien. Berre heilsysken har identisk slekt. Det personhistoria i busetnadshistorieverk inneheld er ikkje slektshistorie, men eit meir eller mindre fullstendig oversyn over alle bustader i området verket dekkjer, der rekonstruerte kjernefamiliar meir eller mindre presist er passerte på dei bustadane der dei budde i den tida familien eksisterte.

Måten ein kan sette opp slike familiar, meir eller mindre fullstendig og nøyaktig, har blitt kalla familierekonstitusjon (fransk form, fordi metoden først vart skildra der); vi kan godt kalle det rekonstruksjon. Artikkelen i Historisk leksikon syner korleis ein finn att slike familiar i primærkjeldene. I busetnadshistorieverk nyttar vi mange fleire kjelder til å sette saman familiane, viktigast er nok dødsbuskifta. Og dette blir da kopla saman med eigedomsinformasjon (skjøte, pantobligasjonar, kårbrev, husmannskontraktar osv,) for å plassere familiane der dei budde. Da får ein òg oftare enn ein skulle tru, sjå den ikkje ubetydelege innabygds flyttinga det var i litt eldre tid.

Gode busetnadshistorieverk har med presise krysstilvisingar til fødestad eller flytting for kvar enkeltperson i kvar familie, i form av tekstfraser som "født på x", "flytte til y", der det sjølvsagt står eit gardsnamn, namn på eit bustadhus o.l.. Med gode registre er det berre å bla opp på den aktuelle bustaden for å finne meir informasjonn om vedkomande.

Døme på utskrift av bustad med utvida familieinformasjon, frå Busetnadsoga for Volda. Her har kvar bustad på ein matrikkel- eller namnegard eit nummer (denne er nr 3) og kvar familie som har budd på bustaden eit nummer, slik at tilvisingane går til bustad (x-x) og blir presis.

Nemninga "utvida familierekonstruksjon" er derfor meir presist når det gjeld personinformasjonen i slike bygdebokverk, og etter mi meining busetnadshistorie om sjangeren i seg sjølv.

Arnfinn Kjellandhttp://www.blogger.com/profile/15250518861534581302noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-6737189626578005289.post-91234514566402923492016-05-23T04:36:00.000-07:002016-05-23T04:36:20.231-07:00Om å få til ei busetnadshistorie utan offentleg fullfinansieringDei aller fleste busetnadshistorieverk har nok vore fullfinansiert av den kommunen verket skal dekke helt eller delvis. Nokre få kan ev. ha hatt finansiering av ein lokal sponsor, t.d. ein sparebank. Problemet har ofte vore at det er vanskeleg å vete kor store kostnader slike prosjekt fører med seg, sjølv om det har vore prøvd å lage forprosjekt med slike kalkylar, jf. eit eg har prøvd på for Stryn (pdf). Offentleg eller private sponsorar vil gjerne ha eit samla budsjett før dei yter støtte i nemnande omfang.

I utgangspunktet må ein nok, viss ein skal utføre alt arbeid innanfor slike prosjekt berre mot betaling (noko som neppe har vore gjort nokon stad), rekne med mange millionar berre i i lønskostnader. På grunn av at trykkekostnader har gått nokså mykje ned dei siste tiåra kan ein truleg rekne med at trykking kan dekkjast av boksal. Ulempa her er sjølvsagt at trykkekostnadene må betalast før ein får inntektene av boksalet i fullt omfang.

Korleis kan ein så kome i gang med eit slikt prosjekt utan sikra fullfinansiering frå offentleg eller sponsorhald - det er det eg har tenkt å reflektere litt kring her.

For det første, det eg har lagt til grunn i alle dei forprosjektrapportane eg har skrive dei siste 20 åra er at så store prosjekt bør splittast opp i delprosjekt. Viss fleire slike delprosjekt så kan gjennomførast dugnadsbasert, kan ein kanskje legge fram konkret dokumentasjon på delar av dei samla kostnadene, og det kan vere lettare å få bidrag frå sponsorar.

Eg ser for meg at ein kan prøve seg med t.d. seks slike delprosjekt fram til eit slikt bokverk er klart for trykking.

1. Dataregistrere ope tilgjengelege kjelder

Dette må vere grunnmuren i alle slike prosjekt, og eg legg til grunn at ein bør nytte nytte dataprogrammet BSS til å ordne og systematisere personinformasjonen etter at kjeldene er digitaliserte. Dette gjeld alle kjelder med vital personinformasjon som er ope tilgjengeleg (ikkje-klausulerte), i alle fall frå kyrkjebøker og sivile registreringar av vitaldata (t.d. ymse fødsels-, dødsfalls- og vigselsmeldingar), manntal og folketeljingar, dødsbuskifta fram til eit tidspunkt m.m.. Det er elles ein stor fordel at ein alt i dag kan få folketeljingane 1801, 1865, 1900 og 1910 overført frå Digitalarkivet, medan 1875 er i arbeid. Teljingane frå 1891 og truleg 1920 når den tid kjem må registrerast lokalt som del av prosjektet.

Alle slike registreringar bør gjerast i samsvar med dei standardane som Arkivverket har utvikla, HISTFORM og Kyrre. Da kan registra leverast til Digitalarkivet og publiserast i Digitalpensjonatet, til glede for mange slektsgranskarar. Ei stadig tilvekst av slike data til eit område som vil ha eit busetnadshistorieverk kan sjølvsagt oppfattast som å vere til skade for eit avsluttande boksal, men det tvilar i alle fall eg på - eg trur det vil vere god marknadsføring av bokverket.

Dette delprosjektet kan og bør gjerast som dugnadsprosjekt, ikkje berre for å spare pengar, men og for å bygge eigarskap til stoffet og prosjektet. Slik detaljbasert arbeid med informasjon om eiga heimtrakt, slekt, gardar og plassar kan godt verke motiverande, særleg om ein klarer å organisere det som gruppearbeid (lesing - inntasting - korrektur). Har ein tilgang til midlar, t.d. til sysselsetting, bør ein sjølvsagt supplere med engasjert personale, men det er ikkje nødvendig.

2. Importere kjeldene i BSS og klargjere for lenking

Alle digitaliserte kjelder må, av omsyn til effektiv søking, omformaterast og importerast i BSS-databasen. Klargjeringa består av å normere (normalisere) person- og bustadnamn. Dette er ein eigen funksjon i BSS som koplar bokstaveringa i dei registrerte kjeldene til normerte former («Olle», «Ole», «Oluf» osv. til ei normert form «Ola»). Ved søk på Ola får ein da treff på alle originalformene og kan slå opp og sjekke desse.

Omformateringa og importeringa må gjerast av leverandøren av BSS (Snøhetta forlag a.s), og kostnaden heng saman med omfanget av kjelderegistreringar (tal på postar i dei forskjellige kjeldene).

Normeringa bør gjerast av den som skal ha hovudansvaret for det neste delprosjektet, lenkinga og utplasseringa av "persongrupper" (familiar) på bustadene. vedkomande bør i alle fall bygge opp kompetanse på namn og namnevariasjonar i området.

3. Lenking og utplassering på bustad i BSS

Den naturlege startpunktet i dette delprosjektet er å begynne å registrere bustadstrukturen i området verket skal dekke i BSS-programmet. Dette er ein enkel funksjon som kan samanliknast med å opprette og redigere ein vanleg mappestruktur i windows.

Rekonstruksjon av familiane går ut på å søke fram dei kjeldehendingane som gjeld ein og same person, markere dei og lenke desse. BSS nyttar så den relasjonsinformasjonen som ligg i kjeldene (frå ein person til foreldre og barn t.d. i dåpshendingar og folketeljingar) til å føre saman (kjerne-)familiane.

Familiane må så plasserast på den eller dei bustaden / bustadane (gard, plass, bustadhus) der dei har budd, helst med periode der dei var hovudfamilie på bustadane (frå årstal til årstal). Når det er gjort genererer BSS automatisk krysstilvisingane, både for familiar og enkeltpersonar som har flytta innafor det området verket dekkjer og leverer trykkeklart manuskript.

Dette er truleg den tyngste delen i eit slikt prosjekt, og den må i prinsippet utførast av ein kyndig enkeltperson ("bygdebokforfattaren") - det er vanskeleg å organisere samarbeid om slikt arbeid. Det er sjølvsagt mulig at ein person kan gjere denne jobben på same måte som for eit par generasjonar sidan: som pensjonistarbeid, men det er nok mest realistisk å kalkulere med at det må betalast for.

Det vil likevel vere muleg å få oversikt over omfanget av dette arbeidet ut frå ein prosedyre der personen arbeider ein periode med stoffet og målet tid og talet på einingar ho eller han rekk å behandle. Men da må arbeidet avgrensast til nettopp det å lenke saman personar og utplassere familiane på bustadene. Det vil som oftast vere same person som og skriv det som skal med i neste delprosjekt:

4. Historie knytt til gardar og grender

Det må vurderast korleis delane med bustad- og familieinformasjon skal supplerast med historieforteljing om dei enkelte bustadane («gardshistorie» om gardar, plassar, bustadhus). Det same gjeld om verket skal ha forteljing som omfattar større område (grender, bygdelag).

Den klassiske måten å skrive gardshistorie på vart utvikla av Andreas Holmsen i 1930- og 40-åra, og presentert på Bygdesogekurset i Trondheim i 1948, side 63-100 i den trykte rapporten. Ein ny modell, der gardshistorie vart avløyst av grendehistorie, vart presentert i Totens bygdebok bd. IV (1984) og drøfta i Heimen hefte 4, 1985. Fleire har seinare kombinert forteljingar både på eit grende- og gards- / driftseinings / bustadnivå, men det er neppe lenger muleg å skrive gardshistorie heilt etter Holmsens oppskrift - det vil nok ta for lang tid. Enkelte element, som t.t. den "arbeidshistoria" Holmsen la stor vekt på, er det heller neppe lenger muleg å kome særleg inn på, av mangel på tradisjonsberarar.

Etter mi meining er det elementet ein absolutt bør ha med er ei skildring av etablerings- og bruksdelingshistoria for kvar bustad: når den kom til, enten det var som nyrydding i forhistorisk tid, ved deling av eit gardsbruk på 17- eller 1800-talet, som husmannsplass i utmarka på 1800-talet osv. osv. I tettbygde strøk, med moderne villabusetnad, må dette sjølvsagt bli ei nokså enkelt framstilling, medand et for gamle, mangbølte gardar kan krevje meir plass (og arbeid).

Det er gjeve ut bøker som berre inneheld slekts- og familieopplysningar og forteljande historie berre knytt til personar og familiar. Slike blir gjerne definerte som reine slektshistorieverk og kan vere disponert på ymse måtar. Dei fell utanom det eg drøftar her. Men ein variant er ikkje heilt uvanleg: ein splittar bustad- og person-/familieinformasjonen i kvar sine bind. Det har t.d. ein av nestorane innan faget, Ståle Dyrvik, gjort i verket Etnesoga, det band III-V er ættesoge utan gardshistorie. Også verket Ørstinar av Bjørn Jonson Dale er førebels berre utgjeve med person- og familiehistorie. Felles for desse er likevel at familieinformasjonen er organisert etter bustader med krysstilvisingar, på same måte som BSS-programmet gjer.

Sjå gjerne også mine tankar om slike forteljingar i dynamisk form.

5. Illustrasjonar

Slike verk bør illustrerast, både med gamle og gjerne nye bilde, og dei bør ha kart som minimum viser kvar alle bustadane som er behandla ligg innafor området. Dette er særleg viktig for bustader som er komne bort, min erfaring er i alle fall at å sjå staden tidlegare generasjonar budde og arbeidde på er viktig for mange, sjølv om terrenget er sterkt endra.

Dette delprosjektet er heilt klart noko som bør gjerast som dugnad. Å arbeide med gamle bilde er t.d. særs motiverande ikkje berre for eldre folk, det viser dei mange gruppene og sidene på sosiale medium (t.d. Facebook) med slike tema.

6. Person- og bustadinformasjon for dei siste generasjonane

Utfordringane med dette arbeidet har eg skrive om i denne artikkelen (manus) frå 2008. Merk at den er frå ein tidlegare informasjonsteknologisk periode;
i dei siste åra har vi fått lett og (tilnærma) gratis tilgang til
samskrivingsverktøy (wiki), sosiale medium (Facebook m.m.) og skylagring (Dropbox,
Google Drive). Desse må takast i aktivt bruk også i bygdebokprosjekt, mellom anna ved å utforme nettbaserte registreringsskjema for hushalda.

Erfaringane med slike skjema frå tidlegare prosjekt er likevel blanda. Skjemaa har stort sett vore papirbaserte og utsendt i posten for returnering innan visse fristar osv. Men ofte har svarprosenten vore låg og kvaliteten på svara variabel, noko som har ført til betydeleg etterarbeid for forfattar og bygdeboknemnd. Dessutan har det ofte gått lang tid frå skjemaa var utfylte til bøkene kunne gjevast ut, slik at informasjonen ikkje var ajour.

Eg trur derfor det beste nok er å gjere som dei gjorde da dei tok opp folketeljingane: ein solid person i lokalsamfunnet, ofte ein lærar, gjekk frå heim til heim og fylte ut skjemaet som Statistisk Sentralbyra hadde sendt ut. Byrået hadde sendt med grundig innføring i kva som skulle stå i dei enkelte rubrikkane, noko vi har glede av den dag i dag. Folketeljingane skulle takast opp ein bestemt dato. Det gjekk nok ikkje mange stader, men i løpet av nokre veker var det komplette bildet av kvar teljekrets (og heile landet) registrert.

Klarer eit bygdebokprosjekt å gjere denne innsamlinga på same måten, helst ved at ein "solid person" (frivillig) besøker folk i heimane og fyller ut eit nettbasert skjema saman med dei det gjeld, trur eg vi kan få det beste resultatet. Men ein må ikkje gløyme at slik skjemautfylling er meir komplisert enn folketeljingane var; no må ein prøve å få samla "longitudinell" informasjon for kvar heim: kven budde der før den noverande personen eller familien, og gjerne før der igjen osv. med så detaljerte vitaldata som muleg.

Også dette delprosjektet kan og bør altså gjerast som dugnad, men her må ein altså vente til ein ser slutten på prosjektet. Manuskriptet til dei andre delane i verket må vere rimeleg komplette, slik at ein i siste fase kan konsentrere seg om å få på plass nettopp denne informasjonen, som må betraktast som "ferskvare" liknande folketeljingane. Den innsamla informasjonen må så overførast til delprosjekt 3 for ferdiggjering av manus av "bygdebokforfattaren" - denne delen vanlegvis som lønna arbeid.

Eit siste element under dette delprosjektet er kvalitetssikring. Mine erfaringar peiker eintydig i retning av at når informasjonen er kome inn og i systemet, må det køyrast ut eit manus som blir distribuert til alle husstandane i området for sjekk. Dette bør gjerast med relativt kort svarfrist, t.d. 3 veker, der det blir opplyst at etter fristen er ute går manuskriptet ti trykking og da er det for seint å gjere rettingar.

Trykking, sal og distribusjon

Dette kunne for så vidt vore ført som eit eige delprosjekt, men i finansieringssamanheng kan det truleg haldast utanfor, i alle fall viss ein kan få t.d. ein kommunal garanti til å dekkje sjølve trykkinga, som jo må betalast før hovuddelen av inntektene frå boksalet kjem inn.

Eit moderne fenomen slike prosjekt nok bør vurdere, men som eg ikkje har erfaring frå, er folkefinansiering.Arnfinn Kjellandhttp://www.blogger.com/profile/15250518861534581302noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-6737189626578005289.post-65355355990325588532016-01-18T05:49:00.004-08:002016-05-12T03:46:05.870-07:00Om busetnadshistoriesjangeren i ei meir og meir digitalisert tidMitt første trykte bidrag om digitalisering er frå 1983 (helst -82 pga. trykketida den gang). Eg vart da spurt av min rettleiar til hovudfag, Jørn Sandnes om eg ville lese manuskriptet til den handboka i lokalhistorie han hadde skrive. Eg hadde ikkje så mykje å bidra med til hovudteksten, men eg påpeikte at den nye elektroniske databehandlinga som no begynte å bli tilgjengeleg kanskje burde vore nemnt i boka. Sandnes kom da attende og bad meg like godt skrive eit avsnitt om det (s. 120-122). I 1990 oppsummerte eg så stoda i artikkelen EDB og gards- og slektshistorie, trykt i Heimen nr. 4 / 1990 s. 227–241.

Ti år seinare vart eg invitert av Norsk lokalhistorisk institutt til å snakke om framtida for gards- og slektshistorie ved seminaret deira: Framtid for den lokale fortida? i Tønsberg i oktober 2000. Foredraget vart trykt i 2001, og analysen galdt sjølvsagt stoda den gang, ved hundreårsskiftet. Internett (som eg hadde tilgang til frå 1994) og Digitalarkivet (etablert i 1998) er så vidt nemnt...

Alt da var eg i gang med prosjektet med å utvikle dataverktøyet Busetnadssoge (BSS), som verktøy for bygdebokforfattarar. Sjølve det databasetekniske utviklingsarbeidet, og vedlikehaldet av BSS, er det som nemnt i eit tidlegare innlegg Ole Martin Sørumgård ved Snøhetta forlag a.s som har hatt og har æren og ansvaret for. Prosjektet vart i 2009 inkludert i eit "konsortie" som først fekk 2 mill i forprosjektmidlar og i 2013 25 mill. frå Noregs Forskingsråd til å utvikla eit Norsk historisk befolkningsregister (HBR). BSS har i oppdrag å utvikle eit format for sine bygdebokdatabasar slik at dei kan overførast til HBR.

Utover 2000-talet var eg sterkt engasjert i tre bygdebokprosjekt relativt parallelt (sjå her), og i tillegg vart eg spurt om å gi råd til fleire kommunar og historielag som ville i gang med slike prosjekt (m.a. Stryn 2004 og 2007, Herøy 2006, Haram 2006, Alta 2008 og Surnadal 2009). I tillegg skjedde det som kjent mykje innafor den digitale verda dette tiåret, også relevant for slike prosjekt. Utanom utviklinga av Internett og sosiale media (som begynte å vekse) var kanskje dei to viktigaste elementa a) digitale kamera og skannarar for privat bruk og b) vidareutviklinga av skanneteknologien slik at Arkivverket kunne skanne dei titusenvis av mikrofilmrullar med kjeldemateriale dei hadde på lesesalane sine. Når så desse skanna mikrofilmbilda kunne leggast ut på nettet opna det seg ei heilt ny verd for kjeldegransking utanom arkivinstitusjonane. Når Arkivverket så etter litt nøling opna for at ein ved lesesalsbesøk kunne bruke eige digitalkamera til å avfotografere dokument som ikkje var mikrofilma, endra arbeidsforholda for bygdebokforfattarar seg grunnleggjande. Nå var det ikkje lenger nødvendig å budsjettere med langvarige arkivopphald - dei viktgaste kjeldene ligg på nettet, og når det gjeld anna kan ein ta eit par dagar på arkivet og raskt avfotografere 2-3000 sider.

På 2010-talet har utviklinga gått vidare. Arkivverket skannar nye kjelder, t.d. folketeljinga frå 1891, som ikkje vart mikrofilma i si tid pga. formatet (hus- og personsedlar) og betydeleg mengda andre kjelder relevante for busetnadshistorisk arbeid. Det nye i denne perioden er så Nasjonalbiblioteket sin visjon om å digitalisere alle samlingane sine og publisere så mykje som muleg av dei ope på nettet.

I 2008 kom Norsk lokalhistorisk institutt med ein ny nettstad, lokalhistoriewiki, der kven som helst kan registrere seg og skrive. På den tida var mange historielag o.l. komne på nett med eigne sider, normalt på webhotell, som dei som regel betalte for. Ulempen med slike i forhold til lokalhistoriewikien er at sistemnde er gratis og blir drifta av NLI og vil vere oppegåande i overskueleg framtid, medan dei fleste andre vil vere avhengige av eldsjelar til å hald dei gåande.

Kva for konsekvensar kan denne utviklinga få for busetnadshistoriesjangeren?

Den digitale busetnadshistoria

Mange har spådd at sjangeren kom til å døy ut (sjå bidraget mitt frå 2000). Andre har spådd at slektsgranskingsverktøy eller e-bøker vil ta over for papirboka. Fleire har prøvd seg på å utvikle ei form for "bygdebok på nett", utan har nokon så langt eg har oversyn har funne den optimale løysinga.

Kommuneøkonomien har stramma seg til, og fleire lurer på korleis det er råd å få til slike bokverk i framtida. Eg har ved fleire høve fleipa med at eg er glad for at faget mitt er fortida, ikkje framtida, så det er ein viss risikosport å prøve å spå også om slike tema.

Fleire spørsmål reiser seg: vil internett / e-bøker fortrenge papirboka? Til ein viss grad, men det går seint. Mange vil framleis ha ei fysisk bok dei kan bla i. No er etter kvart mange eldre bygdebøker komne på nett, t.d. mi første, Lesja bind 1. Dette formatet er nyttig for direkte oppslag, og ein stor fordel er at ein kan søke på tekststrengar (t.d. eit spesielt slektsnamn). Men kor kjekt er det å lese ei bok slik (det er viss berre ein, leiaren i bygdeboknemnda, som verkeleg har lese Lesjabøkene frå perm til perm:)?

Men utan omsyn til format: det må sjølvsagt gjerast eit betydeleg arbeid før slike bøker kan publiserast, enten det no er på papir eller på nett / elektronisk. Sjølve publiseringa er etter kvart blitt betydeleg rimelegare enn for ein generasjon sidan - no er t.d. fargebilde vanleg i slike bøker.

Innhaldet i slike bøker har to element: gardshistorie og "slektshistorie", som eigentleg er ei opplisting av kjernefamiliane under kvar sin bustad med krysstilvisingar slik at ein kan følgje slektsledd og korte flyttingar. Gardshistorieteksten har ikkje strenge sjangerkrav - den blir skriven på mange forskjellige måtar, frå svært utfyllande til svært enkel. Dei to elementa blir òg i mange tilfelle fletta saman.

Men "slektshistoria" (befolkningshistoria) må vere nøyaktig og tilnærma utan feil, særleg i det som står om den nyaste perioden, manns minne (sjå nedafor). Det er derfor etter mitt syn det elementet i slike prosjekt som må utførast på ein fagleg forsvarleg måte. Metoden har vore kalla utvida familierekonstitusjon, fordi ein vanlegvis nyttar mange fleire kjelder i slik arbeid enn i reine historisk-demografiske prosjekt.

For like godt å gå til konklusjonen: eg meiner at det per i dag (2016) - viss ein vil prøve å få til eit slikt prosjekt utan fullfinansiering av hovudarbeidet, den utvida familierekonstitusjonen innafor grensene til det området ein vil ha med (typisk ein noverande kommune) og skriving av gards- og / eller grendehistorie (sjå mitt 2001-bidrag) kan dette gjerast gjennom følgjande tiltak:

kjeldegrunnlaget, først og fremst kyrkjebøkene, men helst òg relasjonsinformasjonen i skifteprotokollane, må dataregistrerast og gjerne publiserast på Digitalarkivet (-pensjonatet)

alle dei registrerte kjeldene må konverterast til BSS-formatet og importerast i det programmet eller eit med same funksjonalitet viss det finst

ein kvalifisert person må ha hovudansvaret for å lenke saman kjeldeinformasjonen til personar og familiar, og plassere desse ut på dei bustadene dei budde på

i ein trykt versjon bør gardshistorieteksten avgrensast til eit minimum: t.d. nokre reine kjeldebelagte faktaopplysningar (namnetolking, talet på bebuarar ved folketeljing, tidspunkt for tinglyste delingar, overdragingar o.l.) og kart som viser bustader som har tilknytte familiar

Det siste punktet treng nok litt utdjuping. Eg har hatt mange studentar som skriv lokalhistorieoppgåver om gardar dei har hatt tilknyting til, og elles sett mange stader, at det er fullt muleg å skrive heile bøker om enkeltgardar viss ein verkeleg går i djupna. Det er sjølvsagt umuleg i tradisjonelle bygdebokprosjekt. Derfor vil eg tilrå at ikkje skriv element av slik historie inn i ein tekst som skal trykkast og dermed blir "fiksert", utan mulegheit til å rette feil, supplere osv. Det ein i staden gjer er å skrive gardshistoriene på lokalhistoriewikien. Der er til tilnærma ikkje noko avgrensing i kva tema ein kan ta opp eller kor mange bilde ein kan publisere, og like viktig: ein kan lenke opp til ordforklaringar, tilgrensande artiklar om personar med tilknyting til garden (men òg til andre tema i bygda eller landet).

Det kan vere fornuftig at det er den som arbeider med lenkinga av familieinformasjonen som etablerer ein basis wikiartikkel for kvar gard, der ho / han gjerne kan legge inn lenker til viktige primærkjelder, til overbyggande artiklar om grender eller namnegardar o.l., og så la eigarar, folk med røter på garden eller andre vidareutvikle innhaldet. På lokalhistoriewiken blir dermed gardshistoria dynamisk og kan byggast ut i mange retningar. Og det er muleg å ta utskrifter, viss ein vil lese på papir.

Altså: den trykte versjonen inneheld stort sett berre dei reine familiane med vitalopplysningar plasserte ut i ein busetnadsstruktur, og så fyller ein opp med både gards- og personinformasjon på wikien.

Likevel er det altså ei viktig utfordring også med den løysinga: den nyaste tida, familieinformasjonen frå 1930-åra og framover, der grunnlagskjeldene i stor grad er sperra av personvernomsyn (sjå gjerne artikkelen min om dette i Lokalhistorisk magasin nr 2, 2008 s. 32-34). Det kan løysast med eit grep som ikkje har vore særleg vanleg, men i alle fall nytta i verket for nabobygda her, Ørsta. Der er "slektshistoria" delt i to, "Ørstingar" bd. 1 har personinformasjonen fram til 1900, og bd. 2 har personinformasjon 1900-1998.

Fordelen med ei slik løysing, der 1920 eller 1930 kan vere brotpunktet i dag, er jo at da unngår ein å måtte vente til det manuelle arbeidet med å samle inn person- og flytteinformasjon frå den siste perioden er "fullstendig" (noko det aldri blir) før ein kan trykke ei bok og få salsinntekter.

Og dermed oppfordar eg til kommentarar og synspunkt nedafor her :-)

Arnfinn Kjellandhttp://www.blogger.com/profile/15250518861534581302noreply@blogger.com5tag:blogger.com,1999:blog-6737189626578005289.post-33315999609139833632016-01-13T04:08:00.000-08:002016-01-13T04:08:00.306-08:00BergefiskenFoU-innsatsen min det siste halvåret vart sjølvsagt begrensa av SlektsMOOC-prosjektet, så det vart ikkje mykje tid til å fordjupe seg fagleg. Men eg vart litt før jul i 2014 invitert til å delta på eir seminar om fjellfiske i fortida på Norsk Fjellmuseum i Lom, og klarte ikkje å seie nei...

Eg hadde lite å bygge på - har ikkje studert slik aktivitet i fjellbygdene før, så det var eigentleg ein risikosport når resultatet skulle publiserast for fagfellevurdert artikkel i ein antologi. Men eg har lurt litt på eit spesielt omgrep eg fann i dei gamle kjeldene frå Gudbrandsdalen da eg arbeidde med bygdeboka for Lesja: bergefisk som landskyldvare. Eg hugsa det hadde vore nokre innlegg i Årbok for Gudbrandsdalen om fenomenet, og tenkte eg kunne prøve meg på det.

Det viste seg sjølvsagt å bli meir krevjande enn eg trudde (som vanleg), og eg klarte ikkje å få ferdig artikkelen før no rett over årsskiftet. No er den sendt til fagfellevurdering, og viss fagfellen(e) ikkje er for kritiske kjem den på trykk i løpet av våren / året. Når boka er vel ute kjem eg til å legge manuskriptet ut på Academia-nettstaden min.Arnfinn Kjellandhttp://www.blogger.com/profile/15250518861534581302noreply@blogger.com1tag:blogger.com,1999:blog-6737189626578005289.post-45179892969191187602016-01-08T00:24:00.000-08:002016-01-08T00:24:18.159-08:00Slektsgransking (SlektsMOOC)2015 gjekk unna, det vart for travelt med andre oppgåver enn å skrive her. Skal prøve å skjerpe meg.

Vårsemesteret gjekk med til å gjennomføre to emne med lokalhistorie (HI204 og HI100), og å utvikle emnet SlektsMOOC, der eksamensvarianten vart SLG121MOOC (7,5 stp.), i samarbeid med Norsk Slektshistorisk Forening (NSF) og DIS-Norge Slekt og Data. Dette vart eit krevjande prosjekt. Vi la rammene for det faglege innhaldet i fjor vår og lanserte det 15. juni. Tilbodet vart ikkje annonsert, men spreidde seg sjølvsagt raskt gjennom sosiale medier.

Hovudutfordringa også her vart å produsere innhald for ei deltakargruppe der vi ikkje kunne rekne med å ha tovegs kontakt med anna enn ein del: dei ivrige og interesserte, og der bakgrunnskunnskapen varierte frå absolutt blank (ikkje ein gang studiekompetanse) til lang røynsle med faget.

Vi kunne ikkje ha arbeidskrav anna enn for dei som ville ta eksamen, og der sette vi søknadsfrist så seint som 15. oktober. Det var for å la deltakarane prøve seg og få erfaring med faget før dei bestemte seg for å søkje.

Arbeidet med å lage undervisningsstoffet fordelte vi som vart hovudlærarar, Knut Bryn (DIS), Rune Nedrud (NSF) og meg sjølv mellom oss. Vi spelte inn ein god del korte videoførelesingar og laga oppgåver av forskjellige slag, der fleirvalsspørsmål (kvissar) knytt til det faglege innhaldet, førelesingane og pensumstoffet, var det meste systematiske. Eg har elles oppretta ein eigen youtubekanal og lagt ut eine førelesinga mi der, om bygdebøker som sakprosa- eller fagboksjanger. Den er ein del av ein velkomstmodul vi laga, med heilt grunnleggjande innføringsstoff.

Ei utfordring vart å nytte ein ny LMS (læringsplattform), Canvas, som nok er meir fleksibel enn den vi (HVO) har brukt i snart 15 år, Fronter. Men vi sakna brukarrettleiingar.

Vel, det meldte seg etter kvart over 700 deltakarar, men mange av dei var berre innom kort tid utan å sjå på anna enn nokre få videoar og kanskje prøve seg på ein kviss eller to. Litt over 70 søkte og fekk opptak på eksamensvarianten, men oppgåvene vart kanskje vel krevjande sjølv om dei fekk rettleiing frå erfarne slektsgranskarar (Knut, Rune og fire andre). Fråfallet var dermed betydeleg, det stod att litt over 40 som leverte oppgåvene i eksamensmappa.

Før jul sendte vi så ut ei spørjeundersøking til alle registrerte deltakarar, for å finne ut kva dei meinte om tilbodet. Resultatet ligg ikkje føre enno. Eg skal så skrive ein meir formell rapport frå prosjektet, før det blir teke standpunkt til om kurset blir køyrd oppatt og / eller om vi får utvikle eit påbyggingskurs. Den rapporten kjem eg til å legge ut på Academia-nettstaden min.Arnfinn Kjellandhttp://www.blogger.com/profile/15250518861534581302noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-6737189626578005289.post-30405870611315777852015-01-13T00:32:00.000-08:002015-01-13T00:32:00.094-08:00Undervisning i lokalhistorie og rettleiing i oppgåveskrivingDa er vårsemesteret i full gang, og mi hovudverksemd blir å drifte studieemna HI204 Lokal-, familie- og mikrohistorie (med i hovudsak fjernstudentar, per i dag 17 påmeldte) og HI100 Historisk innføringsemne for andresemesterstudentar her i Volda (per i dag 19 påmeldte). I tillegg skal eg rettleie i alle fall tre som skriv individuell bacheloroppgåve (HI210) og to som skal levere prosjektskisse til masteroppgåve i kulturmøte (KUM302).

Semesteret kjem altså i stor grad til å bestå av rettleiing i oppgåveskriving på alle nivå (eg er framleis birettleiar til ein phd-kandidat, som vonleg leverer avhandlinga si dette semesteret).

HI100-emnet er delt i to, der ca. 1/3 består av "ex- fac."-stoff, humaniora og antikken, og resten av å skrive ei sjølvstendig oppgåve innafor eit tema vi tilbyr, men som kan variere frå år til år. Eg tilbyr i vår HI100-studentane å skrive lokalhistoriske oppgåver, medan kollega Marte tilbyr slaveri og slavehandel i afrikansk historie. Fordelinga av dei 19 på desse to temaa får vi i løpet av neste veke - da veit eg kor mange eg skal rettleie.

Innafor ex.fac.-delen har eg elles ei innføringsførelesing i romersk historie og ansvaret for ein studietur til Roma i veke 12 - kjekt, men slitsamt.

HI204-emnet er og todelt, med eit metodepensum kring lokalhistoriefeltet i brei forstand . Denne delen er - som dei andre emna våre - delt i faglege tyngdepunkt:

1. Kva er lokalhistorie? Vitskapsfaget, rørsla og kunnskapsfeltet

2. Kva bør lokalhistorie vere? Lokal identitet og stadproblematikk

3. Lokalhistorisk teori og metode del 1

4. Lokalhistorisk teori og metode del 2

5. Lokalhistoriske sjangrar

6. Dei minste einingane, lokal- vs. mikrohistorie

7. Familiehistorie del 1: Livsgrunnlaget og den økonomiske fellesskapen

8. Familiehistorie del 2: Familien som kjensle- og omsorgsfellesskap

9. Kjelde- og arkivkunnskap

- som pensum er fordelt på. Til kvart tyngdepunkt har eg skrive ein såkalla leksjon, der eg går igjennom delar av pensumstoffet og prøver å knyte det saman. I tillegg får studentane studiespørsmål til kvart tyngdepunkt dei bør arbeide med, og dette semesteret prøver eg òg å lage kvissar, fleirvalsspørsmål kopla nokså nært til pensum, som eit hjelpemiddel i lesinga.

Den andre delen av HI204 er å skrive ei sjølvvald lokalhistorisk oppgåve, tilsvarande HI100. Her har eg eit par timelærarar som hjelper til med rettleiinga, slik at eg ikkje får alt for mange overtimar på arbeidsplanen for våren.

Hovudutfordringa for desse studentane er å velje tema for oppgåve, greie ut om temaet og finn relevante kjelder og bakgrunnslitteratur. Særleg nokre av dei som ikkje har gjort slikt før slit med å skjøne forskjellen mellom (primær-)kjelder og (sekundær-)litteratur.

Arnfinn Kjellandhttp://www.blogger.com/profile/15250518861534581302noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-6737189626578005289.post-14126618113433084482014-11-25T04:42:00.002-08:002014-11-25T04:42:42.170-08:00Bygdebokarbeid som FoUEg starta mitt forskararbeid med historie hovudfag ved Universitetet i Trondheim, den gongen hovudfaget i hovudsak gjekk ut på å skrive ei oppgåve med ei viss rettleiing av ein fagtilsett. Min rettleiar var professor Jørn Sandnes, ein av nestorane innan lokalhistoriefaget. Eg var i utgangspunktet interessert i heimbygda til far min, Rennebu, som eg hadde hatt sterk tilknyting til gjennom oppveksten. For å finne eit relevant tema rådde han meg til å snakke med leiar i bygdeboknemnda der, og han igjen meinte eg burde skrive om korleis rennbyggene hadde utnytta utmarksressursane i eldre tid - det var eit tema som burde vore behandla betre.

Så vart det til at eg skreiv ei oppgåve om utmarksbruken i Rennebu - nokså sterkt inspirert av den agrarhistoriske tenkinga til Kåre Lunden, med vekt på korleis ein kunne kalkulere jordbruket i form av energi. Sensoren eg hadde meinte oppgåva var matematisk historie...

Så vart eg altså - igjen etter tips frå Sandnes, som fekk spørsmålet frå Norsk lokalhistorisk institutt om han hadde ein student som kunne ta eit oppdrag - engasjert til å skrive Bygdebok for Lesja. Eg starta 1. august i 1981 og den jobben skulle ta 2-3 år, tenkte eg, men det vart 15 år... Ein grunn til det var nok at da eg vart spurt fekk eg beskjed om at eg skulle skrive gardshistoria, for slektshistoria var skriven av to andre medarbeidarar tidlehare. Og gardshistoriske kjelder kjente eg rimeleg godt frå hovudoppgåva. Men eg oppdaga raskt at dei to elementa ikkje kunne skrivast kvar for seg, og at det mangla såpass mykje i dei oppsetta over folket på gardar og plasser at eg fekk nemnda med på ein revisjon av den informasjonen.

Bygdebokskriving, særleg i delsjangeren gards- og ættesoge, fører med seg mykje rettings- og suppleringsarbeid, så det var kanskje ikkje tilfeldig at den første personlege datamaskina, PC-en (IBM), vart verdslansert same året eg starta med Lesja. Så snart eg fekk høyre om det redskapet skjønte eg at det ville vere særs nyttig, og sette meg etter fattig evne inn i teknologien og tok han etter kvart i bruk, også til kjelderegistrering. Til det var det etter kvart fleire som engasjerte seg, så vi har rimeleg fullstendige dataregistreringar av det personhistoriske kjeldematerialet (kyrkjebøker, folketeljingar, skifte) for gamle Lesja prestegjeld.

I tre år (1987-89) prøvde eg meg som forleggar i Lesja, med bygdeboka som eit oppdrag frå kommunen og fleire andre bokprosjekt. Det gjekk ikkje så bra ... Nokre år seinare, i 1993, stifta eg og ein kar til frå Lesja eit nytt forlag, Snøhetta forlag a.s, Det skulle vere noko eg kunne gå attende til etter det vikariatet eg vart tilsett i ved det som da heitte Møre og Romsdal distriktshøgskule Volda 1. august 1992. Så vart eg fast tilsett der frå 1.1.1994, same året som DH vart slege saman med lærarhøgskulen i Høgskulen i Volda.

Eg fullførte bind 2 av Lesja hausten 1992 og bind 3 hausten 1996, dels med litt permisjon frå høgskulen. Da eg leverte siste bindet til ordføraren sa eg til meg sjølv: aldri meir, men det varte berre nokre månader før eg vart spurt om å sjå på materialet som var innsamla til eit tilsvarande verk for Lom kommune. Han som skulle skrive bøkene der, Jon Kolden, døydde plutseleg og dei trong hjelp til å kome vidare. I den samanhengen kopla eg inn Snøhetta forlag, og saman med to medarbeidarar der fekk vi ferdig fire bind i åra 2000-08. Bøkene er kreditert Kolden, men eg skreiv ganske mykje der, og familiane vart i hovudsak oppsette på Lesja.

Høgskulane har ansvar for å stille kompetanse til disposisjon for regionane dei ligg i, så da Sula kommune i 1996 kontakta oss og ville ha bistand til bygdebok av same sjanger som Lesja og Lom, fall det oppdraget på meg. Nokre år seinare kom og Volda kommune med same førespurnad. På den tida hadde eg prøvd å analysere arbeidsomfanget av slike prosjekt - ein risikosport. På den tida hadde eg arbeidd vidare med databehandling av slikt stoff, m.a. gjennom EDB-utvalet til NLI, og kom til at tida var inne til å forsøke å utvikle eit nytt programsystem for å handtere først og fremst personinformasjonen i slike prosjekt. Eg tok derfor på meg å vere prosjektleiar (andre skulle gjere arbeidet) for både Sula og Volda mot at dei tok på seg å vere pilotprosjekt for programutviklinga.

Grunnen til at eg gjekk inn på dette var eit etter kvart sterkt ønske om at det store empiriske arbeidet som blir lagt ned i slike bygdebøker burde kome også annan forsking til gode. Prosjektet resulterte i programmet Busetnadssoge, som er utvikla av Ole Martin Sørumgård ved Snøhetta forlag a.s på Lesja. Det vart brukt på Sula og Volda og etter kvart ein del andre prosjekt (sjå heimesida, 19 Prosjektframdrift og nyhende). Dette har no blitt ein del av eit stort forskingsinfrastrukturprosjekt, Norsk historisk befolkningsregister.

Vi har ikkje Lesja som ferdig lenka BSS-database, så eg har førebels ikkje fått testa ut kva ein kan bruke slikt materiale til. Eg har rett nok skrive nokre artiklar der eg utnyttar litt av relasjonsinformasjonen som finst i bygdebøkene, men det er noko det sannsynligvis vil vere muleg å få til mykje meir av etter kvart.Arnfinn Kjellandhttp://www.blogger.com/profile/15250518861534581302noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-6737189626578005289.post-60237989163396112072014-10-28T02:55:00.001-07:002014-10-28T02:55:39.253-07:00om det eg driv med, allmentDa prøver eg meg i denne sjangeren - seint, men vonleg ikkje for seint.

I stillinga som forskar og undervisar (førsteamanuensis) i historie ved Høgskulen i Volda (HVO) har eg tre arbeidsområder, som i prinsippet skal fordelast slik:

- undervisning med 50 % av arbeidstida (for meg som er over 62 år: 796 arbeidstimar per år)

- administrasjon med 5 % av arbeidstida (80 timar, i hovudsak i form av møte)

- FoU (forsking og utvikling), resten, i prinsippet 716 timar

Undervisningstida er rimeleg bra reguler gjennom arbeidsplan og faktorar for det arbeidet eg gjer: auditorieundervisning (førelesing og seminar) og rettleiing. Timane fordeler seg nok med 10-15-20 % på undervisninga (varierer frå semester til semester) og resten på rettleiing. Det har eg på alle nivåa: grunn-, fordjuping-, master- og phd. Meir interessant desse høgare nivå, sjølvsagt...

Ein grunn til at det blir såpass mykje rettleiing er at dei fleste studentane våre er ikkje i Volda, dei er fjernstudentar, som studerer gjennom nettilboda våre. Da får dei (i nokre emne) opptak av førelesingar, skriven såkalla leksjonar, studiespørsmål, lydfiler eller kortare videoopptak av "kontorførelesingar" osv., og må levere skriftlege oppgåver som dei får rettleiing på frå oss lærarar.

Møtene går i hovudsak med til å drøfte studietilboda våre: kva emne som går når, oppretting av nye emne, nedlegging av gamle, organisering av undervisninga i Volda og på nett, forskingsprosjekt osv. Med førebuingar og etterarbeid gård et nok med lenger tid enn det som er avsett på arbeidsplanen.

FoU-tida er så det vi synes er morosamt... Men òg krevjande - sjølv om HVO ikkje krev at vi skal produsere, føler nok alle vi på Historisk institutt at vi skal skrive. Det gjer vi òg, ikkje berre innafor det omdiskuterte teljekantsystemet, som gir institusjonane pengar over statsbudsjettet, men og innafor HVO sitt eige, tilsvarande system. Gjennom det får instituttet pengar for arbeid som òg kan vere formidling. Vi registrerer det vi gjer gjennom Cristin (før 2010 i Forskdok). I denne lista er det muleg å sjå kva historikarane i Volda produserte attende til 1999, og her er mine registreringar. Som ein kan sjå har eg skrive ein god del på lokalhistoriewikien, ein nettstad eg synes er ok til å publisere mindre, meir formidlingsprega artiklar i (nokre kan vere nokså lange, t.d. denne om IR 11 under felttoget i 1940).

Det er vel neppe noka overrasking at det går meir tid enn det som er avsett i arbeidsplanane til slikt arbeid. Eg nyttar altså meir tid enn eg får betalt for - men det er og fordi det er til ein viss grad lystbetont, hobbyprega, i alle fall det som går inn under formidlingsomgrepet.

Eg kjem attende til det meir direkte forskingsarbeidet eg driv med for tida. Dette får vere bra nok som første skritt ut i "bloggosfæren".Arnfinn Kjellandhttp://www.blogger.com/profile/15250518861534581302noreply@blogger.com0