tirsdag 25. november 2014

Bygdebokarbeid som FoU

Eg starta mitt forskararbeid med historie hovudfag ved Universitetet i Trondheim, den gongen hovudfaget i hovudsak gjekk ut på å skrive ei oppgåve med ei viss rettleiing av ein fagtilsett. Min rettleiar var professor Jørn Sandnes, ein av nestorane innan lokalhistoriefaget. Eg var i utgangspunktet interessert i heimbygda til far min, Rennebu, som eg hadde hatt sterk tilknyting til gjennom oppveksten. For å finne eit relevant tema rådde han meg til å snakke med leiar i bygdeboknemnda der, og han igjen meinte eg burde skrive om korleis rennbyggene hadde utnytta utmarksressursane i eldre tid - det var eit tema som burde vore behandla betre.

Så vart det til at eg skreiv ei oppgåve om utmarksbruken i Rennebu - nokså sterkt inspirert av den agrarhistoriske tenkinga til Kåre Lunden, med vekt på korleis ein kunne kalkulere jordbruket i form av energi. Sensoren eg hadde meinte oppgåva var matematisk historie...

Så vart eg altså - igjen etter tips frå Sandnes, som fekk spørsmålet frå Norsk lokalhistorisk institutt om han hadde ein student som kunne ta eit oppdrag - engasjert til å skrive Bygdebok for Lesja. Eg starta 1. august i 1981 og den jobben skulle ta 2-3 år, tenkte eg, men det vart 15 år... Ein grunn til det var nok at da eg vart spurt fekk eg beskjed om at eg skulle skrive gardshistoria, for slektshistoria var skriven av to andre medarbeidarar tidlehare. Og gardshistoriske kjelder kjente eg rimeleg godt frå hovudoppgåva. Men eg oppdaga raskt at dei to elementa ikkje kunne skrivast kvar for seg, og at det mangla såpass mykje i dei oppsetta over folket på gardar og plasser at eg fekk nemnda med på ein revisjon av den informasjonen.

Bygdebokskriving, særleg i delsjangeren gards- og ættesoge, fører med seg mykje rettings- og suppleringsarbeid, så det var kanskje ikkje tilfeldig at den første personlege datamaskina, PC-en (IBM), vart verdslansert same året eg starta med Lesja. Så snart eg fekk høyre om det redskapet skjønte eg at det ville vere særs nyttig, og sette meg etter fattig evne inn i teknologien og tok han etter kvart i bruk, også til kjelderegistrering. Til det var det etter kvart fleire som engasjerte seg, så vi har rimeleg fullstendige dataregistreringar av det personhistoriske kjeldematerialet (kyrkjebøker, folketeljingar, skifte) for gamle Lesja prestegjeld.

I tre år (1987-89) prøvde eg meg som forleggar i Lesja, med bygdeboka som eit oppdrag frå kommunen og fleire andre bokprosjekt. Det gjekk ikkje så bra ... Nokre år seinare, i 1993, stifta eg og ein kar til frå Lesja eit nytt forlag, Snøhetta forlag a.s, Det skulle vere noko eg kunne gå attende til etter det vikariatet eg vart tilsett i ved det som da heitte Møre og Romsdal distriktshøgskule Volda 1. august 1992. Så vart eg fast tilsett der frå 1.1.1994, same året som DH vart slege saman med lærarhøgskulen i Høgskulen i Volda.

Eg fullførte bind 2 av Lesja hausten 1992 og bind 3 hausten 1996, dels med litt permisjon frå høgskulen. Da eg leverte siste bindet til ordføraren sa eg til meg sjølv: aldri meir, men det varte berre nokre månader før eg vart spurt om å sjå på materialet som var innsamla til eit tilsvarande verk for Lom kommune. Han som skulle skrive bøkene der, Jon Kolden, døydde plutseleg og dei trong hjelp til å kome vidare. I den samanhengen kopla eg inn Snøhetta forlag, og saman med to medarbeidarar der fekk vi ferdig fire bind i åra 2000-08. Bøkene er kreditert Kolden, men eg skreiv ganske mykje der, og familiane vart i hovudsak oppsette på Lesja.

Høgskulane har ansvar for å stille kompetanse til disposisjon for regionane dei ligg i, så da Sula kommune i 1996 kontakta oss og ville ha bistand til bygdebok av same sjanger som Lesja og Lom, fall det oppdraget på meg. Nokre år seinare kom og Volda kommune med same førespurnad. På den tida hadde eg prøvd å analysere arbeidsomfanget av slike prosjekt - ein risikosport. På den tida hadde eg arbeidd vidare med databehandling av slikt stoff, m.a. gjennom EDB-utvalet til NLI, og kom til at tida var inne til å forsøke å utvikle eit nytt programsystem for å handtere først og fremst personinformasjonen i slike prosjekt. Eg tok derfor på meg å vere prosjektleiar  (andre skulle gjere arbeidet) for både Sula og Volda mot at dei tok på seg å vere pilotprosjekt for programutviklinga.

Grunnen til at eg gjekk inn på dette var eit etter kvart sterkt ønske om at det store empiriske arbeidet som blir lagt ned i slike bygdebøker burde kome også annan forsking til gode. Prosjektet resulterte i programmet Busetnadssoge, som er utvikla av Ole Martin Sørumgård ved Snøhetta forlag a.s på Lesja. Det vart brukt på Sula og Volda og etter kvart ein del andre prosjekt (sjå heimesida, 19 Prosjektframdrift og nyhende). Dette har no blitt ein del av eit stort forskingsinfrastrukturprosjekt, Norsk historisk befolkningsregister.

Vi har ikkje Lesja som ferdig lenka BSS-database, så eg har førebels ikkje fått testa ut kva ein kan bruke slikt materiale til. Eg har rett nok skrive nokre artiklar der eg utnyttar litt av relasjonsinformasjonen som finst i bygdebøkene, men det er noko det sannsynligvis vil vere muleg å få til mykje meir av etter kvart.

tirsdag 28. oktober 2014

om det eg driv med, allment

Da prøver eg meg i denne sjangeren - seint, men vonleg ikkje for seint.
I stillinga som forskar og undervisar (førsteamanuensis) i historie ved Høgskulen i Volda (HVO) har eg tre arbeidsområder, som i prinsippet skal fordelast slik:
- undervisning med 50 % av arbeidstida (for meg som er over 62 år: 796 arbeidstimar per år)
- administrasjon med 5 % av arbeidstida (80 timar, i hovudsak i form av møte)
- FoU (forsking og utvikling), resten, i prinsippet 716 timar

Undervisningstida er rimeleg bra reguler gjennom arbeidsplan og faktorar for det arbeidet eg gjer: auditorieundervisning (førelesing og seminar) og rettleiing. Timane fordeler seg nok med 10-15-20 % på undervisninga (varierer frå semester til semester) og resten på rettleiing. Det har eg på alle nivåa: grunn-, fordjuping-, master- og phd. Meir interessant desse høgare nivå, sjølvsagt...

Ein grunn til at det blir såpass mykje rettleiing er at dei fleste studentane våre er ikkje i Volda, dei er fjernstudentar, som studerer gjennom nettilboda våre. Da får dei (i nokre emne) opptak av førelesingar, skriven såkalla leksjonar, studiespørsmål, lydfiler eller kortare videoopptak av "kontorførelesingar" osv., og må levere skriftlege oppgåver som dei får rettleiing på frå oss lærarar.

Møtene går i hovudsak med til å drøfte studietilboda våre: kva emne som går når, oppretting av nye emne, nedlegging av gamle, organisering av undervisninga i Volda og på nett, forskingsprosjekt osv. Med førebuingar og etterarbeid gård et nok med lenger tid enn det som er avsett på arbeidsplanen.

FoU-tida er så det vi synes er morosamt... Men òg krevjande - sjølv om HVO ikkje krev at vi skal produsere, føler nok alle vi på Historisk institutt at vi skal skrive. Det gjer vi òg, ikkje berre innafor det omdiskuterte teljekantsystemet, som gir institusjonane pengar over statsbudsjettet, men og innafor HVO sitt eige, tilsvarande system. Gjennom det får instituttet pengar for arbeid som òg kan vere formidling. Vi registrerer det vi gjer gjennom Cristin (før 2010 i Forskdok). I denne lista er det muleg å sjå kva historikarane i Volda produserte attende til 1999, og her er mine registreringar. Som ein kan sjå har eg skrive ein god del på lokalhistoriewikien, ein nettstad eg synes er ok til å publisere mindre, meir formidlingsprega artiklar i (nokre kan vere nokså lange, t.d. denne om IR 11 under felttoget i 1940).

Det er vel neppe noka overrasking at det går meir tid enn det som er avsett i arbeidsplanane til slikt arbeid. Eg nyttar altså meir tid enn eg får betalt for - men det er og fordi det er til ein viss grad lystbetont, hobbyprega, i alle fall det som går inn under formidlingsomgrepet.

Eg kjem attende til det meir direkte forskingsarbeidet eg driv med for tida. Dette får vere bra nok som første skritt ut i "bloggosfæren".