torsdag 29. april 2021

«Kulturminnestig» på Øverlismoen, Lesjaskog

 Dette er teksten til ein artikkel eg skreiv for Kyrkjeblad for Lesja og Lesjaskog som vart trykt i nr. 1, 2021. Den er skriven for bygdefolket, der eg rekna med dei fleste er såpass lokalkjende at dei kjenner stadane som er nemnde, ikkje minst gjennom bygdeboka. Kartet nedanfor ligg òg på lokalhistoriewiki.

På Lesjaskog, nærare bestemt området kring kyrkja, finst det særs mange kulturminne. Utanom kyrkja er det sjølvsagt Skulemuseet i Lisser og Kornmagasinet. Men når ein ser litt nøyare på det som finst her og koplar det til meir allmenn bygdehistorie, kan ein sjå mykje meir.

Utgangpunktet for dette prosjektet var hausten 2020 da ei lokal gruppe fann ut at vi ville sjå nærare på tilstand og vedlikehaldsbehov for Skulemuseet i Lisser, som er ei avdeling av Lesja bygdemuseum. Vi tok sjølvsagt kontakt med museet om vedlikehaldet og fekk rask og positiv respons på at vi engasjerte oss. Vi vonar det blir råd å få utført visse tiltak til sommaren.

Men vi meiner òg det har vore litt for lite aktivitet kring museumsavdelinga dei seinare åra, og klødde oss i hovudet for å prøve å kome fram til kva som må til for betre å få utnytta den fine plassen. I den ‘idémyldringa’ som følgde, kom det først opp forslag om ein kulturstig i området. Og når vi først sette opp ei liste over aktuelle kulturminne vart vi litt overraska sjølve; det er mange fleire kulturminne kring kyrkja enn nokon av oss hadde tenkt! Da kom det sjølvsagt opp forslag om å formidle informasjon om alle desse på ein litt spesiell måte (sjå nedafor).

Kulturstigar er tradisjonelt utstyrt med informasjonsskilt ved kvart kulturminne, der besøkande kan lese om kva dei ser. Men da vi begynt å telje opp kulturminneobjekt innafor det eigentleg nokså vesle området det er snakk om, kom vi til nærare 20! Å få produsert skilt som held seg over mange år i ver og vind her i fjellbygda, er kostbart. Informasjon som blir trykt på slike skilt er òg fiksert. Viss nokon finn ut meir viktig informasjon om objektet må det lagast nytt skilt, og det er jo kostbart.

Av den grunn utvikla idéen seg vidare: kanskje satse på litt enklare skilt, som sjølvsagt er solide og mest muleg vedlikehaldsfrie, men der informasjonen om det enkelte kulturminnet blir formidla på ein annan måte? For det kan forteljast mykje om dei fleste objekta her, og det er utfordrande viss ein berre skal bruke skilt. Vi har derfor tankar om ei anna løysing.

Men la oss først sjå litt på dei kulturminneobjekta på Lesjaskog som vi meiner bør framhevast.

Kart over Øverlismoen, for kulturstigsøknaden. Her manglar fleire kulturminne.

Kring parkeringsplassen:

Kyrkja er sjølvsagt det sentrale kulturminnet her. I hundrevis av år har bygdefolket opplevd viktige seremoniar med dåp, konfirmasjon, giftarmål og gravferd, og mange meir allmenne gudstenester i dette huset.

Kulturhistorisk viser akkurat denne kyrkja til eit kyrkjeinteriør frå slutten av 1600-talet, frå slutten av det som er kalla rettlæretida. Luthersk ortodoks lære skulle forkynnast, ingen andre tilnærmingar var tillate. Men ho er òg noko såpass sjeldan som ei bedriftskyrkje for det jernverket som var i drift litt lenger aust i bygda. Her ser ein til dømes på dørene til kyrkjebenkane korleis eigarane, funksjonærane og arbeidsfolket var plasserte etter rang, med bygdefolket lenger bak.

Nedanfor kyrkja ligg Kyrkjebakken, ein samlingsstad for bygdefolket i eldre tid, før og etter messa. Kyrkjebakken var datidas «sosiale medium»; her kunngjorde lensmannen kongelege eller seinare kommunale påbod, her kunne folk utveksle røynsler og drøfte politikk, avtalar og mykje meir.

Og nedanfor Kyrkjebakken står Kyrkjestugu. Den eldste delen, ei eldre stugu frå Brandlie, vart sett opp kring 1872 som eit kyrkjelyds- og kommunehus for Lesjaskog soknekommune og for Lesjaskog kyrkje,.. Kyrkja hadde den tida ikkje omn, så det var nok eit ønskje om oppvarma hus særleg for barna før dåpsseremonien som førte til bygginga. Det skal òg ha vore halde skule i Kyrkjestugu, og det var bedehus lenge her. I 1983 vart det oppført eit nytt tilbygg.

Kornmagasinet er òg eit interessant kulturminne. Det viser tilbake til naudsåra før grunnlovsåret 1814, da mangelen på matkorn i landet førte til at mange svalt og til og med døydde. Da innsåg bygdefolk både i Lesja og mange andre stader at å ha magasin der ein kunne lagre korn frå år med overskot, ville vere eit viktig tiltak for å unngå slike kriseår. Magasinet her er frå 1818; på Lesja kom tilsvarande i 1820.

Vidare er det som kjent tre minnesteinar nedanfor parkeringsplassen, der den eine heidrar veteranane frå krigen 1807–1814, den neste dei som fall på Lesjaskog under siste verdskrigen og den siste minnest den store utvandringa til Amerika frå Lesja.

Inne på kyrkjegarden finn vi sjølvsagt mange fine gravminne, der alle i og for seg er kulturminne om bygdefolk frå langt tilbake i tid. Men det er graver der som vi kan rekne for spesielle; dei er over tre engelske soldatar som døydde i den fryktelege togulykka ved Knipstugu på Lesjaverk natt til 1. mai 1940. Der omkom også fire andre engelske og fire norske soldatar. Desse er heidra på minnesteinen.

Litt nedanfor kyrkjegardsmuren og framafor Kornmagasinet står eit nokså nytt kulturminne, bautaen over Sigurd Einbu, utforma av lesjaskogingen Ola Enstad (1942-2013) og oppsett i 2009. Sigurd Einbu var født på Nordi Lie litt lenger nord på Lesjaskog. Han vart lærar og busette seg på Dombås, men vart etter kvart kjend også langt utanfor Noreg som astronom.

I museumsområdet:

Ligg sjølvsagt sjølve Skulemuseet, som eigentleg er den nørdste delen av den tømrastugu som står øvst på tomta til Lesja bygdemuseum, Tandseterstugu. Her er det samla eldre skulemateriell frå omgangsskuletida (før slutten på 1800-talet) og ting som har vore vanlege i fastskulen oppover mot nyare tid: kart, plansjar, lærebøker og så vidare. Det er òg eit møterom i stugu, med skorstein og rosemåla tak utført av Ragnvald Einbu. Dette taket er frå ei av hotellbygningane i Mølme. Tandseterstugu er ei gamal tømrastugu frå Tandsetre på Lesjaverk, truleg frå 1700-talet.

Her går den gamle «Kongevegen»; som eigentleg er «Den Romsdalske hovedvei» og den første vegen som vart opparbeidd for å køyrast med hest og kjerre opp Romsdalen og til Dovre. Det skjedde sist på 1700-talet og var hovudvegen fram til oppgradering til «chausseé»-standard og delvis omlegging i åra frå 1860 til 1888.

Denne vegen gjekk over Mølmsåe omtrent der brua er i dag, men så mellom Kyrkjestugu og kyrkjebakken og rett bortover til det området som har det litt merkelege namnet Lisser. Vi kjenner ikkje opphavet til namnet, men det er i vanleg bruk også litt nedanfor sjølve museumsområdet. Der finn vi Lissersvingen på den gamle riksvegen. Den kom til da den gamle vegen vart lagt utanfor Kyrkjestugu og i sving rundt Lisser. Der finst eit anna kulturminne; den oppmura kvilesteinen med årstalet 1888 på ein oppreist bautastein. Årstalet viser til da vegen var omlagt. Bautasteinen har elles ein skade etter bombing i aprildagane 1940, så den er eit eige kulturminne.

Gamlevegen kjem opp bakken nordfrå til eit litt morosamt kulturminne rett innafor grinda; truleg ein eldre kvileplass; det såkalla «Kortbordet», med eit steinbord og nokre ‘sitjesteinar’ rundt. Det er ein plass karane etter eldre, ikkje spesielt ‘kvalitetssikra’ tradisjon samla seg for å spele kort medan kjerringane var på kyrkjekaffe eller basar ved Kyrkjestugu...

Mellom den gamle riksvegen og museumsområdet er det òg eit tydeleg bombekrater frå 1940. Det er fleire minne frå dei dramatiske dagane i området, da det særleg gjekk hardt ut over kyrkja, Mølmen hotell og dei norske og engelske soldatane som var på tilbaketrekking etter at kampane ved Kvam og Dombås var avslutta. To av soldatane som er namngjeve på minnesteinen døydde her.

Museumslåven frå Fjellstad (før Hosetøygarden) på Nordmo vart gjeve som gåve frå Iver Fjellstad (1915-2001). Han var mangeårig eldsjel i historielags- og museumsarbeidet i Lesja. Førebels er låven brukt som lager, med for så vidt litt spennande innhald, så det er idéar om å bruke han meir aktivt.

Litt ovanfor kyrkja er det òg registrert eit par kolmiler. Det er, på same måte som kyrkja, ein type kulturminne frå jernverkstida, men dei er sjølvsagt ikkje like tydelege. Mange har sikkert lagt merke til slike miletufter rundt omkring i bygda, særleg på Lesjaverk og Lesjaskog. Nyare gransking ved hjelp av laserskanning frå fly kombinert med synfaring på bakken har vist at det må vere over tusen slike kulturminne i Lesja!

Ved Mølme

Og til sist har vi Mølme like nedanfor kyrkja. Denne garden oppstod som kjent som husmannsplass under Øverlie tidleg på 1700-talet. I 1795 vart Mølme frådelt som sjølveigande bruk med rett til å drive gjestgjevarverksemd. Det var nok starten på garden som sentrum på Skogen. I 1818 vart kornmagasinet sett opp på Magasinhaugen like vest for tunet, og i 1837 vart det etablert skysskiftestasjon her. Den vart utvida til skysstasjon i 1852, tre år før kyrkja vart flytt hit. Skysstasjonen var nedlagt da Raumabanen opna.

Og i 1874 kom den første bygninga til Mølmen hotell opp, starten på ei hundreårig reiselivsbedrift med internasjonale gjestar, eiga tennisbane og landhandel – og militær kommandoplass i aprildagane 1940! Dessverre er det slutt på hotelldrifta nå, men ho kan dokumenterast med mange bilde.

Det er altså mykje å fortelje om alt vi finn på det etter måten vesle området Øverlismoen kring Lesjaskog kyrkje.

Ei aktuell kulturstigløysing

Kulturstigar går tradisjonelt etter ei løype. Det er vi litt usikre på her; kulturminna står litt rundt omkring, men vi satsar i alle fall på eit oversynsskilt og kanskje ein enkel brosjyre med kartskisse på parkeringsplassen ved kyrkja.

Men korleis fortelje? Førebels er idéen at vi skal merke kvart objekt med nokså enkle skilt der det i alle fall står namnet og kanskje nokre stikkord, og i tillegg ein såkalla QR-kode. Det er noko vi kjenner frå mange stadar, liknande strekkodane på stort sett alle handelsvarer.

QR-kode til oversynsartikkel.

Det vi så ser for oss, er at QR-kodane viser til omtale på nettstaden www.lokalhistoriewiki.no. Der er det allereie mange artiklar, som kan utvidast viss ein vil det, og alle har lenker vidare til utfyllande informasjon for den som er interessert i det.

Kven er så målgruppa?

Vi har særleg tenkt oss at skulane i bygda kan ha nytte av dette, og har fått positive signal frå Lesjaskog skule. Det er denne skiltløysinga med kopling til lokalhistoriewiki vi i år søkjer Sparebankstiftinga DNB om støtte til.

Men tilbodet vil sjølvsagt stå ope for kven som helst og når som helst. Bygdefolk og hytte-/fritidsfolk kan få utvida kunnskapen om kulturminna her når det passar. Viss det kan skiltast ved Europavegen eller området kan leggast til meir allmenn turistinformasjon, kan jo tilfeldig forbipasserande òg finne stoff av interesse her.

Og teknologiutviklinga går som vi veit raskt. Noko som blir kalla lyddusj blir teke i bruk til munnlege forteljingar. Ein høgtalar liknar eit dusjhovud heng over interessante objekt, og ved å trykke på ein knapp kan ein høyre forteljinga. Det finst til dømes i Vågå knytt til deira Edvard Munch-vandring. Kanskje det blir neste steg?

fredag 8. januar 2021

Oppdatering

 For ordens skyld, sidan eg ikkje har brukt denne bloggen på ei tid. Men eg har jo hatt diverse andre kanalar for faglege tankar (eller helst verksemd).

Viktigast er nok Snøhetta forlag a.s, der eg tok over som dagleg leiar 1.1.2020 og har ei lett oppdatert personleg heimeside. Det er sterkt varierande arbeidsoppgåver knytt til den verksemda, men i 2020 fekk eg ein del å gjere med den boka vi gav ut like før jul: «...folkets lengsel efter en ny og bedre tid». Nasjonal Samling i Lesja 1940–1945 av Martin Enstad. Har òg hatt mange faglege samtalet med han; som har eit anna fagleg tyngdepunkt enn eg, og eit yrkesliv som historielærar (først og fremst) for vidaregåandeelevar.

Hausten 2019 og gjennom 2020 tok eg på meg ein del ekstra redaksjonelt arbeid for å avlaste dei i fagmiljøet i Volda som framleis hadde mykje å gjere med undervisning og korona-oppgåver. Dermed fekk vi heldigvis i fjor haust ut antologien om mikrohistorie.

Det historiefaglege prosjektet eg arbeider med er i hovudsak historia til det vesle jernverket som var på Lesja frå 1660 til først på 1800-talet. Det har eg òg vald å skrive kortare populærfaglege artiklar for lokalavisa Vigga, som eg i etterkant publiserer på ein eigen blogg for å sleppe betalingsmuren. Til prosjektet har eg òg ei opa facebook-gruppe.

Og inn i mellom administrerer eg framleis dugnadsprosjektet med kjelderegistrering for Rauma historielag sitt prosjekt Bygdebok for Grytten, Hen og Vågstranda.