mandag 18. januar 2016

Om busetnadshistoriesjangeren i ei meir og meir digitalisert tid

Mitt første trykte bidrag om digitalisering er frå 1983 (helst -82 pga. trykketida den gang). Eg vart da spurt av min rettleiar til hovudfag, Jørn Sandnes om eg ville lese manuskriptet til den handboka i lokalhistorie han hadde skrive. Eg hadde ikkje så mykje å bidra med til hovudteksten, men eg påpeikte at den nye elektroniske databehandlinga som no begynte å bli tilgjengeleg kanskje burde vore nemnt i boka. Sandnes kom da attende og bad meg like godt skrive eit avsnitt om det (s. 120-122). I 1990 oppsummerte eg så stoda i artikkelen EDB og gards- og slektshistorie, trykt i Heimen nr. 4 / 1990 s. 227–241.

Ti år seinare vart eg invitert av Norsk lokalhistorisk institutt til å snakke om framtida for gards- og slektshistorie ved seminaret deira: Framtid for den lokale fortida? i Tønsberg i oktober 2000. Foredraget vart trykt i 2001, og analysen galdt sjølvsagt stoda den gang, ved hundreårsskiftet. Internett (som eg hadde tilgang til frå 1994) og Digitalarkivet (etablert i 1998) er så vidt nemnt...

Alt da var eg i gang med prosjektet med å utvikle dataverktøyet Busetnadssoge (BSS), som verktøy for bygdebokforfattarar. Sjølve det databasetekniske utviklingsarbeidet, og vedlikehaldet av BSS, er det som nemnt i eit tidlegare innlegg Ole Martin Sørumgård ved Snøhetta forlag a.s som har hatt og har æren og ansvaret for. Prosjektet vart i 2009 inkludert i eit "konsortie" som først fekk 2 mill i forprosjektmidlar og i 2013 25 mill. frå Noregs Forskingsråd til å utvikla eit Norsk historisk befolkningsregister (HBR). BSS har i oppdrag å utvikle eit format for sine bygdebokdatabasar slik at dei kan overførast til HBR.

Utover 2000-talet var eg sterkt engasjert i tre bygdebokprosjekt relativt parallelt (sjå her), og i tillegg vart eg spurt om å gi råd til fleire kommunar og historielag som ville i gang med slike prosjekt (m.a. Stryn 2004 og 2007, Herøy 2006, Haram 2006, Alta 2008 og Surnadal 2009). I tillegg skjedde det som kjent mykje innafor den digitale verda dette tiåret, også relevant for slike prosjekt. Utanom utviklinga av Internett og sosiale media (som begynte å vekse) var kanskje dei to viktigaste elementa a) digitale kamera og skannarar for privat bruk og b) vidareutviklinga av skanneteknologien slik at Arkivverket kunne skanne dei titusenvis av mikrofilmrullar med kjeldemateriale dei hadde på lesesalane sine. Når så desse skanna mikrofilmbilda kunne leggast ut på nettet opna det seg ei heilt ny verd for kjeldegransking utanom arkivinstitusjonane. Når Arkivverket så etter litt nøling opna for at ein ved lesesalsbesøk kunne bruke eige digitalkamera til å avfotografere dokument som ikkje var mikrofilma, endra arbeidsforholda for bygdebokforfattarar seg grunnleggjande. Nå var det ikkje lenger nødvendig å budsjettere med langvarige arkivopphald - dei viktgaste kjeldene ligg på nettet, og når det gjeld anna kan ein ta eit par dagar på arkivet og raskt avfotografere 2-3000 sider.

På 2010-talet har utviklinga gått vidare. Arkivverket skannar nye kjelder, t.d. folketeljinga frå 1891, som ikkje vart mikrofilma i si tid pga. formatet (hus- og personsedlar) og betydeleg mengda andre kjelder relevante for busetnadshistorisk arbeid. Det nye i denne perioden er så Nasjonalbiblioteket sin visjon om å digitalisere alle samlingane sine og publisere så mykje som muleg av dei ope på nettet.

I 2008 kom Norsk lokalhistorisk institutt med ein ny nettstad, lokalhistoriewiki, der kven som helst kan registrere seg og skrive. På den tida var mange historielag o.l. komne på nett med eigne sider, normalt på webhotell, som dei som regel betalte for. Ulempen med slike i forhold til lokalhistoriewikien er at sistemnde er gratis og blir drifta av NLI og vil vere oppegåande i overskueleg framtid, medan dei fleste andre vil vere avhengige av eldsjelar til å hald dei gåande.

Kva for konsekvensar kan denne utviklinga få for busetnadshistoriesjangeren?

Den digitale busetnadshistoria

Mange har spådd at sjangeren kom til å døy ut (sjå bidraget mitt frå 2000). Andre har spådd at slektsgranskingsverktøy eller e-bøker vil ta over for papirboka. Fleire har prøvd seg på å utvikle ei form for "bygdebok på nett", utan har nokon så langt eg har oversyn har funne den optimale løysinga.

Kommuneøkonomien har stramma seg til, og fleire lurer på korleis det er råd å få til slike bokverk i framtida. Eg har ved fleire høve fleipa med at eg er glad for at faget mitt er fortida, ikkje framtida, så det er ein viss risikosport å prøve å spå også om slike tema.

Fleire spørsmål reiser seg: vil internett / e-bøker fortrenge papirboka? Til ein viss grad, men det går seint. Mange vil framleis ha ei fysisk bok dei kan bla i. No er etter kvart mange eldre bygdebøker komne på nett, t.d. mi første, Lesja bind 1. Dette formatet er nyttig for direkte oppslag, og ein stor fordel er at ein kan søke på tekststrengar (t.d. eit spesielt slektsnamn). Men kor kjekt er det å lese ei bok slik (det er viss berre ein, leiaren i bygdeboknemnda, som verkeleg har lese Lesjabøkene frå perm til perm:)?

Men utan omsyn til format: det må sjølvsagt gjerast eit betydeleg arbeid før slike bøker kan publiserast, enten det no er på papir eller på nett / elektronisk. Sjølve publiseringa er etter kvart blitt betydeleg rimelegare enn for ein generasjon sidan - no er t.d. fargebilde vanleg i slike bøker.

Innhaldet i slike bøker har to element: gardshistorie og "slektshistorie", som eigentleg er ei opplisting av kjernefamiliane under kvar sin bustad med krysstilvisingar slik at ein kan følgje slektsledd og korte flyttingar. Gardshistorieteksten har ikkje strenge sjangerkrav - den blir skriven på mange forskjellige måtar, frå svært utfyllande til svært enkel. Dei to elementa blir òg i mange tilfelle fletta saman.

Men "slektshistoria" (befolkningshistoria) må vere nøyaktig og tilnærma utan feil, særleg i det som står om den nyaste perioden, manns minne (sjå nedafor). Det er derfor etter mitt syn det elementet i slike prosjekt som utførast på ein fagleg forsvarleg måte. Metoden har vore kalla utvida familierekonstitusjon, fordi ein vanlegvis nyttar mange fleire kjelder i slik arbeid enn i reine historisk-demografiske prosjekt.

For like godt å gå til konklusjonen: eg meiner at det per i dag (2016) - viss ein vil prøve å få til eit slikt prosjekt utan fullfinansiering av hovudarbeidet, den utvida familierekonstitusjonen innafor grensene til det området ein vil ha med (typisk ein noverande kommune) og skriving av gards- og / eller grendehistorie (sjå mitt 2001-bidrag) kan dette gjerast gjennom følgjande tiltak:
  • kjeldegrunnlaget, først og fremst kyrkjebøkene, men helst òg relasjonsinformasjonen i skifteprotokollane, må dataregistrerast og gjerne publiserast på Digitalarkivet (-pensjonatet)
  • alle dei registrerte kjeldene må konverterast til BSS-formatet og importerast i det programmet eller eit med same funksjonalitet viss det finst
  • ein kvalifisert person må ha hovudansvaret for å lenke saman kjeldeinformasjonen til personar og familiar, og plassere desse ut på dei bustadene dei budde på
  • i ein trykt versjon bør gardshistorieteksten avgrensast til eit minimum: t.d. nokre reine kjeldebelagte faktaopplysningar (namnetolking, talet på bebuarar ved folketeljing, tidspunkt for tinglyste delingar, overdragingar o.l.) og kart som viser bustader som har tilknytte familiar
Det siste punktet treng nok litt utdjuping. Eg har hatt mange studentar som skriv lokalhistorieoppgåver om gardar dei har hatt tilknyting til, og elles sett mange stader, at det er fullt muleg å skrive heile bøker om enkeltgardar viss ein verkeleg går i djupna. Det er sjølvsagt umuleg i tradisjonelle bygdebokprosjekt. Derfor vil eg tilrå at  ikkje skriv element av slik historie inn i ein tekst som skal trykkast og dermed blir "fiksert", utan mulegheit til å rette feil, supplere osv. Det ein i staden gjer er å skrive gardshistoriene på lokalhistoriewikien. Der er til tilnærma ikkje noko avgrensing i kva tema ein kan ta opp eller kor mange bilde ein kan publisere, og like viktig: ein kan lenke opp til ordforklaringar, tilgrensande artiklar om personar med tilknyting til garden (men òg til andre tema i bygda eller landet).

Det kan vere fornuftig at det er den som arbeider med lenkinga av familieinformasjonen som etablerer ein basis wikiartikkel for kvar gard, der ho / han gjerne kan legge inn lenker til viktige primærkjelder, til overbyggande artiklar om grender eller namnegardar o.l., og så la eigarar, folk med røter på garden eller andre vidareutvikle innhaldet. På lokalhistoriewiken blir dermed gardshistoria dynamisk og kan byggast ut i mange retningar. Og det er muleg å ta utskrifter, viss ein vil lese på papir.

Altså: den trykte versjonen inneheld stort sett berre dei reine familiane med vitalopplysningar plasserte ut i ein busetnadsstruktur, og så fyller ein opp med både gards- og personinformasjon på wikien.

Likevel er det altså ei viktig utfordring også med den løysinga: den nyaste tida, familieinformasjonen frå 1930-åra og framover, der grunnlagskjeldene i stor grad er sperra av personvernomsyn (sjå gjerne artikkelen min om dette i Lokalhistorisk magasin nr 2, 2008 s. 32-34). Det kan løysast med eit grep som ikkje har vore særleg vanleg, men i alle fall nytta i verket for nabobygda her, Ørsta. Der er "slektshistoria" delt i to, "Ørstingar" bd. 1 har personinformasjonen fram til 1900, og bd. 2 har personinformasjon 1900-1998.

Fordelen med ei slik løysing, der 1920 eller 1930 kan vere brotpunktet i dag, er jo at da unngår ein å måtte vente til det manuelle arbeidet med å samle inn person- og flytteinformasjon frå den siste perioden er "fullstendig" (noko det aldri blir) før ein kan trykke ei bok og få salsinntekter.

Og dermed oppfordar eg til kommentarar og synspunkt nedafor her :-)

5 kommentarer:

  1. Gratulerer med ny blogg! Det er inspirerende at en nestor i faget deler problemstillinger på en slik åpen plattform. Som skrivende i faget har jeg ett spørsmål til det siste leddet i konklusjonen din om arbeid uten fullfinanisert familie- og bostedshistorie. Du regner selve familierekonstitusjonen som hovedarbeidet og antyder at en trykt versjon kan avgrense gardshistorieteksten til et minimum. Er det ikke en risiko for at det å skissere en slik løsning i seg selv vil oppmuntre kommuner/interessegrupper til å kjøre i gang prosjekt uten fullfinansiering? Er det ikke også en risiko for å undergrave den faglige legitimiteten i sjangeren når selve den historiserende teksten skrives ut av bygdeboka? Riktignok utgjør familielistene hoveddelen av arbeidet med bøkene, men det kan etter mitt syn ikke være tvil om at det er gards-, nærings- og nettverkshistorien som er det viktigste fra et faglig perspektiv og som rettferdiggjør at forfatteren fremdeles kan kalle seg historiker.

    SvarSlett
  2. Takk for utfordringa. Du har sjølvsagt eit poeng i siste leddet, sjølv om historikar ikkje er ein beskytta tittel. Mitt perspektiv i innlegget er elles ikkje reint fagleg, men i større grad lokalhistorisk, med vekt på den andre sida av janusansiktet.

    Du har eigentleg to spørsmål, som gjer det litt vanskelegare å svare. Eg startar med det første; om den skisserte løysinga i seg sjølv kan oppmuntre til å starte opp slike prosjekt: joda, men er det skadeleg? Den tradisjonelle vegen slike prosjekt har gått, med meir eller mindre fullstendig stoffinnsamling og så skriving og utgjeving av bind for bind frå ein ende av bygda til den andre, kan vere meir risikabel, fordi den er etter mi røynsle tilnærma umuleg å prosjektplanlegge på førehand og styre gjennomføringa av.

    Den løysinga eg ser for meg blir meir som ei trapp, der kvart trinn kan ha varig verdi sjølv om finansieringa ikkje rekk til øvste trinnet. Dataregistrerte kjelder har store brukargrupper, det ser ein på Digitalarkivet. Eg er òg rimeleg sikker på at ei bok berre med ein fagleg rekonstruert, kartfest bustadstruktur tilkopla rekonstruerte familiar fram til t.d. 1930 for ei bygd vil vere av stor interesse, i alle fall for ikkje alt for urbaniserte område (som t.d. Sula, der det er fleirtal av innflyttarar). Har så prosjektet så langt skapt entusiasme og engasjement utafor ein relativt smal krets av pådrivarar, gjerne gjennom skriving av både gards- og personhistorie på lokalhistoriewikien, kan kanskje midlar for meir fagleg historieskriving av «gards-, nærings- og nettverkshistoria» sitte lausare hos kommune eller sponsorar?

    Ei slik «trappeløysing» gjer det i alle fall lettare å planlegge og styre eit prosjekt. Ein kan med rimeleg sikkerheit kalkulere kostnadene ved kvart trinn, og det er noko både offentleg og private sponsorar vil legge vekt på.

    Det andre spørsmålet går på den faglege legitimiteten når ein ikkje inkluderer ein «historiserande» tekst (ei forteljing), underforstått om kvart gardsbruk. Vel, som nemnt er ikkje det mitt ærend denne gangen. Eg er altså ikkje oppteken av at ein medarbeidar i eit slikt prosjekt skal kunne merittere seg, men at prosjektet skal vere gjennomførbart fram mot eit definert mål (bok) – altså lokalsamfunnsperspektivet. For meg er det faglege perspektivet at registrering og bearbeiding av personhistoriske kjelder blir utført forsvarleg og gjort tilgjengeleg for anna forsking.

    Men det er det sjølvsagt lov å vere usamd i. 

    SvarSlett
  3. Eg må nesten henge på ein liten kommentar til, når det gjeld utviklinga dei siste åra: framveksten av digitale skylagringstenester - altså lagring av informasjon i "nettskya" der brukaren styrer tilgang. Kjent døme er Dropbox. Bruk av slike tenester kan gjere samarbeid om slike prosjekt betydeleg betre.

    SvarSlett
  4. Hei og takk for sist,
    men mest som en bekreftelse på at jeg har fått tilgang til innlegget ditt.
    Er litt for opptatt med garasjebygging for tida, så jeg planlegger å komme sterkere tilbake, både her på G+ og "Whats App". Og kanskje litt lokalhistorie om oppvekst og idrett på Sæterbakken på 1960-tallet.
    Ragnar

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei igjen - gjerne meir lokalhistorie frå oppveksttraktene våre ja, slik eg har gjort innleiingsvis her: http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Kjeldearkiv:Sl%C3%A5ttonn_p%C3%A5_gamlem%C3%A5ten

      Slett