Dette er teksten til ein artikkel eg skreiv for Kyrkjeblad for Lesja og Lesjaskog som vart trykt i nr. 1, 2021. Den er skriven for bygdefolket, der eg rekna med dei fleste er såpass lokalkjende at dei kjenner stadane som er nemnde, ikkje minst gjennom bygdeboka. Kartet nedanfor ligg òg på lokalhistoriewiki.
På Lesjaskog, nærare bestemt området kring kyrkja, finst det
særs mange kulturminne. Utanom kyrkja er det sjølvsagt Skulemuseet i Lisser og
Kornmagasinet. Men når ein ser litt nøyare på det som finst her og koplar det
til meir allmenn bygdehistorie, kan ein sjå mykje meir.
Utgangpunktet for dette prosjektet var hausten 2020 da ei
lokal gruppe fann ut at vi ville sjå nærare på tilstand og vedlikehaldsbehov for
Skulemuseet i Lisser, som er ei avdeling av Lesja bygdemuseum. Vi tok sjølvsagt
kontakt med museet om vedlikehaldet og fekk rask og positiv respons på at vi engasjerte
oss. Vi vonar det blir råd å få utført visse tiltak til sommaren.
Men vi meiner òg det har vore litt for lite aktivitet kring
museumsavdelinga dei seinare åra, og klødde oss i hovudet for å prøve å kome
fram til kva som må til for betre å få utnytta den fine plassen. I den
‘idémyldringa’ som følgde, kom det først opp forslag om ein kulturstig i
området. Og når vi først sette opp ei liste over aktuelle kulturminne vart vi
litt overraska sjølve; det er mange fleire kulturminne kring kyrkja enn nokon av
oss hadde tenkt! Da kom det sjølvsagt opp forslag om å formidle informasjon
om alle desse på ein litt spesiell måte (sjå nedafor).
Kulturstigar er tradisjonelt utstyrt med informasjonsskilt
ved kvart kulturminne, der besøkande kan lese om kva dei ser. Men da vi begynt
å telje opp kulturminneobjekt innafor det eigentleg nokså vesle området det er
snakk om, kom vi til nærare 20! Å få produsert skilt som held seg over mange år
i ver og vind her i fjellbygda, er kostbart. Informasjon som blir trykt på
slike skilt er òg fiksert. Viss nokon finn ut meir viktig informasjon om
objektet må det lagast nytt skilt, og det er jo kostbart.
Av den grunn utvikla idéen seg vidare: kanskje satse på litt
enklare skilt, som sjølvsagt er solide og mest muleg vedlikehaldsfrie, men der informasjonen
om det enkelte kulturminnet blir formidla på ein annan måte? For det kan
forteljast mykje om dei fleste objekta her, og det er utfordrande viss ein berre
skal bruke skilt. Vi har derfor tankar om ei anna løysing.
Men la oss først sjå litt på dei kulturminneobjekta på
Lesjaskog som vi meiner bør framhevast.
Kring parkeringsplassen:
Kyrkja er sjølvsagt det sentrale kulturminnet her. I
hundrevis av år har bygdefolket opplevd viktige seremoniar med dåp,
konfirmasjon, giftarmål og gravferd, og mange meir allmenne gudstenester i
dette huset.
Kulturhistorisk viser akkurat denne kyrkja til eit
kyrkjeinteriør frå slutten av 1600-talet, frå slutten av det som er kalla rettlæretida.
Luthersk ortodoks lære skulle forkynnast, ingen andre tilnærmingar var tillate.
Men ho er òg noko såpass sjeldan som ei bedriftskyrkje for det
jernverket som var i drift litt lenger aust i bygda. Her ser ein til dømes på
dørene til kyrkjebenkane korleis eigarane, funksjonærane og arbeidsfolket var
plasserte etter rang, med bygdefolket lenger bak.
Nedanfor kyrkja ligg Kyrkjebakken, ein samlingsstad for
bygdefolket i eldre tid, før og etter messa. Kyrkjebakken var datidas «sosiale
medium»; her kunngjorde lensmannen kongelege eller seinare kommunale påbod, her
kunne folk utveksle røynsler og drøfte politikk, avtalar og mykje meir.
Og nedanfor Kyrkjebakken står Kyrkjestugu. Den eldste delen,
ei eldre stugu frå Brandlie, vart sett opp kring 1872 som eit kyrkjelyds- og
kommunehus for Lesjaskog soknekommune og for Lesjaskog kyrkje,.. Kyrkja hadde
den tida ikkje omn, så det var nok eit ønskje om oppvarma hus særleg for barna
før dåpsseremonien som førte til bygginga. Det skal òg ha vore halde skule i
Kyrkjestugu, og det var bedehus lenge her. I 1983 vart det oppført eit nytt
tilbygg.
Kornmagasinet er òg eit interessant kulturminne. Det viser
tilbake til naudsåra før grunnlovsåret 1814, da mangelen på matkorn i landet
førte til at mange svalt og til og med døydde. Da innsåg bygdefolk både i Lesja
og mange andre stader at å ha magasin der ein kunne lagre korn frå år med
overskot, ville vere eit viktig tiltak for å unngå slike kriseår. Magasinet her
er frå 1818; på Lesja kom tilsvarande i 1820.
Vidare er det som kjent tre minnesteinar nedanfor
parkeringsplassen, der den eine heidrar veteranane frå krigen 1807–1814, den
neste dei som fall på Lesjaskog under siste verdskrigen og den siste minnest
den store utvandringa til Amerika frå Lesja.
Inne på kyrkjegarden finn vi sjølvsagt mange fine gravminne,
der alle i og for seg er kulturminne om bygdefolk frå langt tilbake i tid. Men
det er graver der som vi kan rekne for spesielle; dei er over tre engelske
soldatar som døydde i den fryktelege togulykka ved Knipstugu på Lesjaverk natt
til 1. mai 1940. Der omkom også fire andre engelske og fire norske soldatar. Desse
er heidra på minnesteinen.
Litt nedanfor kyrkjegardsmuren og framafor Kornmagasinet står
eit nokså nytt kulturminne, bautaen over Sigurd Einbu, utforma av
lesjaskogingen Ola Enstad (1942-2013) og oppsett i 2009. Sigurd Einbu var født
på Nordi Lie litt lenger nord på Lesjaskog. Han vart lærar og busette seg på
Dombås, men vart etter kvart kjend også langt utanfor Noreg som astronom.
I museumsområdet:
Ligg sjølvsagt sjølve Skulemuseet, som eigentleg er den
nørdste delen av den tømrastugu som står øvst på tomta til Lesja bygdemuseum,
Tandseterstugu. Her er det samla eldre skulemateriell frå omgangsskuletida (før
slutten på 1800-talet) og ting som har vore vanlege i fastskulen oppover mot
nyare tid: kart, plansjar, lærebøker og så vidare. Det er òg eit møterom i
stugu, med skorstein og rosemåla tak utført av Ragnvald Einbu. Dette taket er
frå ei av hotellbygningane i Mølme. Tandseterstugu er ei gamal tømrastugu frå
Tandsetre på Lesjaverk, truleg frå 1700-talet.
Her går den gamle «Kongevegen»; som eigentleg er «Den
Romsdalske hovedvei» og den første vegen som vart opparbeidd for å køyrast med
hest og kjerre opp Romsdalen og til Dovre. Det skjedde sist på 1700-talet og
var hovudvegen fram til oppgradering til «chausseé»-standard og delvis
omlegging i åra frå 1860 til 1888.
Denne vegen gjekk over Mølmsåe omtrent der brua er i dag,
men så mellom Kyrkjestugu og kyrkjebakken og rett bortover til det området som
har det litt merkelege namnet Lisser. Vi kjenner ikkje opphavet til
namnet, men det er i vanleg bruk også litt nedanfor sjølve museumsområdet. Der
finn vi Lissersvingen på den gamle riksvegen. Den kom til da den gamle
vegen vart lagt utanfor Kyrkjestugu og i sving rundt Lisser. Der finst eit anna
kulturminne; den oppmura kvilesteinen med årstalet 1888 på ein oppreist
bautastein. Årstalet viser til da vegen var omlagt. Bautasteinen har elles ein
skade etter bombing i aprildagane 1940, så den er eit eige kulturminne.
Gamlevegen kjem opp bakken nordfrå til eit litt morosamt
kulturminne rett innafor grinda; truleg ein eldre kvileplass; det såkalla «Kortbordet»,
med eit steinbord og nokre ‘sitjesteinar’ rundt. Det er ein plass karane etter
eldre, ikkje spesielt ‘kvalitetssikra’ tradisjon samla seg for å spele kort
medan kjerringane var på kyrkjekaffe eller basar ved Kyrkjestugu...
Mellom den gamle riksvegen og museumsområdet er det òg eit
tydeleg bombekrater frå 1940. Det er fleire minne frå dei dramatiske dagane i
området, da det særleg gjekk hardt ut over kyrkja, Mølmen hotell og dei norske
og engelske soldatane som var på tilbaketrekking etter at kampane ved Kvam og
Dombås var avslutta. To av soldatane som er namngjeve på minnesteinen døydde
her.
Museumslåven frå Fjellstad (før Hosetøygarden) på Nordmo
vart gjeve som gåve frå Iver Fjellstad (1915-2001). Han var mangeårig eldsjel i
historielags- og museumsarbeidet i Lesja. Førebels er låven brukt som lager,
med for så vidt litt spennande innhald, så det er idéar om å bruke han meir
aktivt.
Litt ovanfor kyrkja er det òg registrert eit par kolmiler.
Det er, på same måte som kyrkja, ein type kulturminne frå jernverkstida, men
dei er sjølvsagt ikkje like tydelege. Mange har sikkert lagt merke til slike miletufter
rundt omkring i bygda, særleg på Lesjaverk og Lesjaskog. Nyare gransking ved
hjelp av laserskanning frå fly kombinert med synfaring på bakken har vist at
det må vere over tusen slike kulturminne i Lesja!
Ved Mølme
Og til sist har vi Mølme like nedanfor kyrkja. Denne garden
oppstod som kjent som husmannsplass under Øverlie tidleg på 1700-talet. I 1795 vart
Mølme frådelt som sjølveigande bruk med rett til å drive gjestgjevarverksemd. Det
var nok starten på garden som sentrum på Skogen. I 1818 vart kornmagasinet sett
opp på Magasinhaugen like vest for tunet, og i 1837 vart det etablert
skysskiftestasjon her. Den vart utvida til skysstasjon i 1852, tre år før
kyrkja vart flytt hit. Skysstasjonen var nedlagt da Raumabanen opna.
Og i 1874 kom den første bygninga til Mølmen hotell
opp, starten på ei hundreårig reiselivsbedrift med internasjonale gjestar, eiga
tennisbane og landhandel – og militær kommandoplass i aprildagane 1940!
Dessverre er det slutt på hotelldrifta nå, men ho kan dokumenterast med mange
bilde.
Det er altså mykje å fortelje om alt vi finn på det etter
måten vesle området Øverlismoen kring Lesjaskog kyrkje.
Ei aktuell kulturstigløysing
Kulturstigar går tradisjonelt etter ei løype. Det er vi litt
usikre på her; kulturminna står litt rundt omkring, men vi satsar i alle fall
på eit oversynsskilt og kanskje ein enkel brosjyre med kartskisse på
parkeringsplassen ved kyrkja.
Men korleis fortelje? Førebels er idéen at vi skal merke
kvart objekt med nokså enkle skilt der det i alle fall står namnet og kanskje
nokre stikkord, og i tillegg ein såkalla QR-kode. Det er noko vi kjenner
frå mange stadar, liknande strekkodane på stort sett alle handelsvarer.
Det vi så ser for oss, er at QR-kodane viser til omtale på nettstaden www.lokalhistoriewiki.no. Der er det allereie mange artiklar, som kan utvidast viss ein vil det, og alle har lenker vidare til utfyllande informasjon for den som er interessert i det.
Kven er så målgruppa?
Vi har særleg tenkt oss at skulane i bygda kan ha nytte av
dette, og har fått positive signal frå Lesjaskog skule. Det er denne
skiltløysinga med kopling til lokalhistoriewiki vi i år søkjer
Sparebankstiftinga DNB om støtte til.
Men tilbodet vil sjølvsagt stå ope for kven som helst og når
som helst. Bygdefolk og hytte-/fritidsfolk kan få utvida kunnskapen om
kulturminna her når det passar. Viss det kan skiltast ved Europavegen eller
området kan leggast til meir allmenn turistinformasjon, kan jo tilfeldig
forbipasserande òg finne stoff av interesse her.
Og teknologiutviklinga går som vi veit raskt. Noko som blir
kalla lyddusj blir teke i bruk til munnlege forteljingar. Ein høgtalar
liknar eit dusjhovud heng over interessante objekt, og ved å trykke på ein
knapp kan ein høyre forteljinga. Det finst til dømes i Vågå knytt til deira Edvard
Munch-vandring. Kanskje det blir neste steg?