Svært mange innlegg i denne bloggen har vore innom dette dataprogrammet på ymse måtar, sjå kanskje særleg dette frå januar 2016. Programmet vart utvikla av Ole Martin Sørumgård i Snøhetta forlag a.s (sidene er under gjenoppbygging) på Lesja i åra 1999-2004, medan eg var prosjektleiar. Ole Martin har seinare drive feilretting, vedlikehald og gitt brukarstøtte til til saman 11 busetnadshistorieprosjekt: kommunane Sula og Volda (som var pilotprosjekt med meg som leiar), Herøy, Haram, Stor-Elvdal, Vang på Hedmark, Ullensvang, Bardu, Høland og Setskog, Surnadal og Rakkestad.
Nokre av desse har vore det vi kan kalle "fullskala" prosjekt, der primærkjeldematerialet først har blitt registrert på ymse måtar (BD87, RUBREG, excel, Augustus osv.), så importert i BSS der "forfattaren" har teke over, normert viktige variablar (særleg alder og person- og stadnamn) for å lette søkinga og så utført familierekonstruksjonen og oppretta bustadregisteret. Andre har vore meir tilpassingar av prosjekt som har vore starta opp med andre verktøy eller med avgrensa mål som oppdatering av eldre utgåver.
Snøhetta står no overfor ei vurdering av framtida for programmet. Det vart utvikla i åra 2000-04 og fungerer for så vidt greitt nok framleis reint bygdebokfagleg. Men i høve den allmenne teknologiske utviklinga er programmet forelda; det har t.d. hatt problem med overgangen til nye versjonar av Microsoft sitt operativsystem. Vi meiner no BSS må gjennomgå ein større oppgradering viss det skal kunne brukast til nye slike prosjekt, i alle fall fullskala.
I den samanhengen kan det nemnast at BSS òg har vore med i prosjektet Norsk historisk befolkningsregister som (mindre) partner, der målet har vore at dei underliggande BSS-databasane, i alle fall dei eldre delane utan personsensitiv informasjon, skal kunne importerast i histreg. For å få det til å fungere optimalt, må kjeldene til nye prosjekt ev. gå vegen om Digitalarkivet for å få med seg dei permanente ID-ane der.
Det vi no er usikre på er om sjangeren snart er i ferd med å "døy
ut" (slik fleire har spådd), og at det dermed vil vere bortkasta å foreta ei slik større oppgradering. Det vil òg medføre ikkje ubetydelege kostnader, som Snøhetta i prinsippet bør klare å dekkje opp gjennom ein kombinasjon av ymse støtte (vi fekk ein del m.a. frå Kulturrådet og DU sist, og vil ev. søkje på nytt) og sal-/driftsinntekter. Erfaringa er at det å investere i eit slikt program sit litt langt inne for slike prosjekt, sjølv om bruk av BSS nok betyr betydeleg innsparing i høve andre metodar (NB eg er altså medeigar og styreleiar i Snøhetta, men skriv dette først og fremst som fagperson.)
Etter som vi treng gode argument for å gå i gang med ei større oppgradering av BSS, ber vi med dette fagmiljøet om synspunkt på nokre spørsmål vi har stilt oss: Kjem det til å bli starta opp såpass mange nye prosjekt at det vil vere ein "marknad" for BSS i dei næraste par tiåra? Vil nye prosjekt satse på "fullskala" personinformasjon (altså alle dei store kjeldeseriane, som altså må innom Digitalarkivet)?