torsdag 14. februar 2019

Har dataprogrammet Busetnadssoge (BSS) ei framtid?


Svært mange innlegg i denne bloggen har vore innom dette dataprogrammet på ymse måtar, sjå kanskje særleg dette frå januar 2016. Programmet vart utvikla av Ole Martin Sørumgård i Snøhetta forlag a.s (sidene er under gjenoppbygging) på Lesja i åra 1999-2004, medan eg var prosjektleiar. Ole Martin har seinare drive feilretting, vedlikehald og gitt brukarstøtte til til saman 11 busetnadshistorieprosjekt: kommunane Sula og Volda (som var pilotprosjekt med meg som leiar), Herøy, Haram, Stor-Elvdal, Vang på Hedmark, Ullensvang, Bardu, Høland og Setskog, Surnadal og Rakkestad.

Nokre av desse har vore det vi kan kalle "fullskala" prosjekt, der primærkjeldematerialet først har blitt registrert på ymse måtar (BD87, RUBREG, excel, Augustus osv.), så importert i BSS der "forfattaren" har teke over, normert viktige variablar (særleg alder og person- og stadnamn) for å lette søkinga og så utført familierekonstruksjonen og oppretta bustadregisteret. Andre har vore meir tilpassingar av prosjekt som har vore starta opp med andre verktøy eller med avgrensa mål som oppdatering av eldre utgåver.

Snøhetta står no overfor ei vurdering av framtida for programmet. Det vart utvikla i åra 2000-04 og fungerer for så vidt greitt nok framleis reint bygdebokfagleg. Men i høve den allmenne teknologiske utviklinga er programmet forelda; det har t.d. hatt problem med overgangen til nye versjonar av Microsoft sitt operativsystem. Vi meiner no BSS må gjennomgå ein større oppgradering viss det skal kunne brukast til nye slike prosjekt, i alle fall fullskala.

I den samanhengen kan det nemnast at BSS òg har vore med i prosjektet Norsk historisk befolkningsregister som (mindre) partner, der målet har vore at dei underliggande BSS-databasane, i alle fall dei eldre delane utan personsensitiv informasjon, skal kunne importerast i histreg. For å få det til å fungere optimalt, må kjeldene til nye prosjekt ev. gå vegen om Digitalarkivet for å få med seg dei permanente ID-ane der.

Det vi no er usikre på er om sjangeren snart er i ferd med å "døy ut" (slik fleire har spådd), og at det dermed vil vere bortkasta å foreta ei slik større oppgradering. Det vil òg medføre ikkje ubetydelege kostnader, som Snøhetta i prinsippet bør klare å dekkje opp gjennom ein kombinasjon av ymse støtte (vi fekk ein del m.a. frå Kulturrådet og DU sist, og vil ev. søkje på nytt) og sal-/driftsinntekter. Erfaringa er at det å investere i eit slikt program sit litt langt inne for slike prosjekt, sjølv om bruk av BSS nok betyr betydeleg innsparing i høve andre metodar (NB eg er altså medeigar og styreleiar i Snøhetta, men skriv dette først og fremst som fagperson.)

Etter som vi treng gode argument for å gå i gang med ei større oppgradering av BSS, ber vi med dette fagmiljøet om synspunkt på nokre spørsmål vi har stilt oss: Kjem det til å bli starta opp såpass mange nye prosjekt at det vil vere ein "marknad" for BSS i dei næraste par tiåra? Vil nye prosjekt satse på "fullskala" personinformasjon (altså alle dei store kjeldeseriane, som altså må innom Digitalarkivet)?


7 kommentarer:

  1. Eg arbeider ikkje direkte i BSS, men har vore involvert i fleire prosjekt der eg har jobba opp mot forfattarar som nytter programmet - men kanskje kan nokre synspunkt som kjem litt på skrå frå utsida òg vere til nytte.

    Eg trur at sjangeren kjem til å leve ein god stund til. Og vel så viktig, det er ein klar trend at "alle skal med". Det set enda større krav til at forfattaren klarer å halde kontroll på ei stor mengd personopplysningar, og ikkje minst er det komplisert å kartleggje husmannsfolk og andre grupper som flytter ofte. Eit program som BSS gjer det heilt klart mykje enklare å halde orden på alle folk og heimer.

    Ein ting eg trur, og som eg meiner å kunne sjå spor av allereie, er at digital publisering til dømes på Lokalhistoriewiki, som eg jobber med, vert viktigare i framtida. Kva retning bøkene tar - for det vert nok trykte bøker i ein del år til framover - er uvisst, men digital publisering er allereie ein del av fleire prosjekt.

    Utan at eg kan ta stilling til kor mykje ting vil koste, opp mot kva det er mogleg å ta tene på ei oppdatering, tenker eg at det ville vere nyttig å sjå på om det er mogleg å legge inn ein modul for digital publisering. I tillegg til å skrive ut eit manus til trykking, kunne ein då få ut ferdig formaterte artiklar i til dømes wikiformat. Lenking til personer og eigedomar er ein enkel sak, og eg trur ikkje at eit slikt tillegg ville føre til nokon stor auke i kostnader.

    Det var det eg hadde no, men eg tenker følgje dette vidare, om det er interesse for å diskutere ei slik vinkling vidare.

    SvarSlett
    Svar
    1. Av uvisse grunner visast ikkje profilnamnet i innlegget over - det er altså skrive av meg, Chris Nyborg.

      Slett
    2. Takk for innspel, Chris. BSS har ein utskriftsfunksjon, som legg innhaldet i ei tilnærma trykkeklar fil, rtf-format eller txt med stilkodar (overskrift, feit skrift o.l.). Stilkodene kan sikkert tilpassast html og innhaldet publiserast liknande Heimar og folk i Bykle. Men å få til meir dynamiske lenker, slik at ein kan klikke på 'Knutegarden, Furneset (9-2)' og kome dit, vil nok krevje heilt ny programvare.

      Døme frå Sulasoga:

      Brauta
      Gards/bruksnr: 68/2

      Sjå Borgund og Giske b. 3 s. 193. Plass u. Vikane frå 1839, frådelt 1861. Det har ikkje budd folk her dei siste tiåra.

      Folket:
      2-1. 1839 – 1861
      Elling (Martinus) Knutss. frå Knutegarden, Furneset (9-2), f. ca 1800, d. 20.12.1861 gift 13.6.1825 med Oline Jetmundsd., f. kring 1762, d. 21.5.1839. Dei var tidlegare på Knutegarden, Furneset (9-3a). Kom hit rett før Oline døydde, med bygsel same året. Plassen er da kalla slåttemark, og det er fyrste gongen vi finn namnet Brauta nytta. Elling gifta seg att 21.1.1840 med Kristiane Olsd. frå Rot, Vartdalsstranda, f. ca 1790, d. 5.12.1862.

      2-2. 1861 – 1869
      Styrkar (Olaus Andreas) Kolbeinss. frå Vikane (1-8), f. 7.2.1829, d. 8.8.1888, fekk skøyte frå mora 1861, budde her i lag med systera Jakobine 1865. Losjerte hjå dei neste brukarane 1875, «ernærer sig hovedsagelig ved at forfærdige Torskegarn» Styrkar døydde som legdslem i Emblemsvågen i Borgund, truleg hjå systera der.

      2-3. 1869 – ca 1906
      Ole (Andreas) Pederss. frå Stranda, f. ca 1838, d. 22.6.1906, gift med Anne Helene Pedersd. frå Ringstad i Stranda, f. ca 1839, d. 18.11.1891. Dei fekk innfl.att. frå Stranda i 1869, «kjøpt Plads og tilflyttet denne». Barn:
      1 Marie Nikoline, f. 15.2.1870, d. 27.2.1870.
      2 Marie Nikoline, f. 24.3.1871, d. 7.7.1872.
      3 Peder Olaus, f. 16.1.1873, d. ?, reiste til Dakota, USA som tenestkar 1892. Sjå Utvandrarane s. 82.
      4 Anne (Oline), f. 9.11.1874, sjå nr 2-4b.
      5 Ole Andreas, f. 2.2.1877, d. 27.3.1883.
      6 Anton Bendik Martinus, f. 3.2.1879, d. ?, oppheldt seg i Ålesund 1900, fiskar og snikkarsvein, reiste til Washington, USA som sjømann 1903. Sjå Utvandrarane s. 82.
      7 Laurits Nikolai, f. 3.2.1881, sjå nr 2-4a.

      Slett
  2. Eg ser fram til å ta programmet i bruk innan ein tre-fire år. Tinn i Telemark. Eg er Anfinn Bernaas.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for innspel. Vonar vi klarer å halde liv i det såpass lenge :-)

      Slett
  3. Eg trur ikkje sjangeren vil døy ut. I framtidi vil vel heller meir koma ut på verdsveven og ikkje i bokform. Men det vil vera fint um BSS kann koma i ny utgåve. Sjølv hev eg hatt stor nytta av programmet som bygdebokskrivar i Aurskog-Høland herad.

    SvarSlett
  4. Takk for det, Frode. Det vil bli krevjande å oppgradere programkoden (forstår eg), så vi er framleis i tenkeboksen.

    SvarSlett