tirsdag 14. februar 2017

Oppdatere Bygdebok for Lesja - gards- og slektshistoriebinda?

Til jul i år er det 30 år sidan første bindet av bygdeboka for Lesja vart lansert. Så gjekk det fem år til neste bind (1992) og så fire år til verket vart fullført i 1996 (eg har skrive litt om prosessen i dette innlegget frå november 2014). Det første bindet vart utseld ein gong før eller kring 2010, og alle er elles tilgjengelege på bokhylla.no (lenker her).

Ut over 2000-talet, og særleg etter 2010, har eg fått spørsmål om det går an å oppdatere verket. Personinformasjonen manglar jo snart for ein heil generasjon, i alle fall på Skogen. Oppdatering er sjølvsagt muleg, t.d. slik det er gjort i Herøy kommune i Møre og Romsdal. Eg har elles vore involvert i mange bygdebokprosjekt etter eg vart tilsett ved Høgskulen i Volda. Grunnen er nok at eg er den einaste historikaren her med personleg erfaring frå slikt og tilgrensande arbeid.

Som nemnt i innlegget frå november 2014 starta eg i 1993, saman med Bjarne Fossøy, Snøhetta forlag a.s (heimesida bør oppdaterast). Forlaget hadde ymse ordinære utgjevingar utover -90 og 2000-talet, men spesialiserte seg etter kvart på bygdebokprosjekt, først i samband med Bygdabok for Lom, men først og fremst gjennom utviklinga av dataprogrammet Busetnadssoge - BSS. Gjennom det programmet er Snøhetta nå kopla til prosjektet Norsk historisk befolkningsregister som partnar.

Våren 2011 fann vi i Snøhetta ut at vi skulle sende eit tilbod om oppdaterng av bygdeboka til Lesja kommune. Det tilbodet fekk vi aldri svar på, men over sommaren i år kontakta eg uformelt rådmannen (som var ny sidan 2011) om han var interessert, og fekk positivt svar. Eg hadde så eit møte med han og oppvekst- og kultursjefen 9. september, og sendte i etterkant inn eit utfyllande notat om eit slikt muleg totalt oppdateringsprosjekt, også med tilbod om å utgreie det i form av eit forprosjekt (sjå siste side i notatet). Notatet vart lagt til grunn for saksutgreiing til livsløpsstyret, som vedtok forslaget og sette av kr 80 000 til å få utarbeidd eit forprosjekt som skal kunne nyttast som grunnlag for politisk vedtak om eit eventuell hovudprosjekt.

Fredag 10. februar hadde vi så eit førebuande møte på kommunehuset der det blant anna vart drøfta korleis forprosjektarbeidet bør leggast opp. Er det behov for eitt eller fleire opne møte der interesserte bygdefolk får nærare informasjon om korleis eit slikt oppdateringsarbeid kan gjerast og får kome med innspel? Vil dei som ev. kjem på slike møte vere representative for bygdefolket? Eg vil gjerne kople til skulane og kan gjerne vise korleis elevar kan bruke lokalhistoriewikien (sjå det utfyllande notatet om slik bruk) til å presentere lokalhistorisk stoff t.d. om eigen gard, eiga seter, biografi om besteforeldre osv. - men er skulane interessert i eit slikt prosjekt / slik bruk av lokalhistoriewikien?

Konklusjonen vart at eg i første omgang opprettar ei opa Facebookgruppe for dette forprosjektet, der eg kan svare på spørmål, alle kan kommentere, vi kan opprette meiningsmålingar kring viktige spørsmål o.l. I den gruppa er alle velkomne - det er ikkje noko minstekrav til tilknyting til bygda (t.d. alle besteforeldre fødte innafor kommunegrensa:-).

Spørsmål og kommentarar kan òg leggast inn nedfor her. Kjør debatt!


1 kommentar:

  1. Framhald av temaet på eigen blogg: http://bygdeboklesja.blogspot.no/

    SvarSlett