torsdag 24. august 2017

Om å kople "fiksert" informasjon (papirformat) med dynamisk informasjon (på nett) - med busetnadshistorie som døme

Når ein sakprosatekst blir trykt på papir kan ein seie den blir "fiksert" på same måte som eit fotografi. Om ein så oppdagar feil eller manglar i teksten er det vanskeleg å få retta det som er trykt.

Motsetninga er nettbasert tekst, særleg artiklar på nettstader som Wikipedia og lokalhistoriewikien. Her kan teksten stadig vidareutviklast, og i tillegg kan ein gå tilbake til alle tidlegare versjonar gjennom sidehistorikken.

Ein sjanger som busetnads- eller gards- og slektshistorie er særleg ramma av dette problemet. Personlistene (familieoppsetta) i slike verk er som regel rimeleg fullstendige, men gardshistoriedelane kan vere låste i nokså faste former. Det gjorde eg i alle fall sjølv, da eg arbeidde med Lesjabøkene på 1980- og -90-talet. Eg la ein nokså fast disposisjon for kvar gardshistorie, og avveik ikkje nemnande frå den, inspirert av Andreas Holmsens oppskrift frå 1948.

Som eg har vore inne på før, internett har eigentleg revolusjonert formidling av fagleg stoff. Inntil for om lag tjue å sidan var det stort sett avgrensa til trykt form: blader, hefte, aviser og bøker (i tillegg til munnlege og visuelle uttrykk, sjølvsagt, særleg radio og TV). Så kom nettet, der ein kan formidle på liknande måte som på papir, men der ein òg fortløpande kan bytte ut og oppdatere informasjonen. Og med sterkt aukande lagringsplass på diskar eller i "skya", er dei avgrensingane ein før hadde i talet på ord, sider og/eller trykke- og distribusjonskostnader meir eller mindre borte.

Lettast tilgjengeleg for slik informasjonsspreiing er truleg wiki-formatet, som gjer det enkelt for kven som helst å publisere stoff; ja kven som helst med litt over middels IT-kompetanse kan laste ned wiki-koden og opprette sin eigen wiki. Eg har hatt studentar med slike, og eg har i denne samanhengen altså gjerne vist til lokalhistoriewikien, særleg for gardshistoriedelane i slike busetnadshistorieverk (sjå lenka først i førre avsnitt). Eg har til og med laga ein innføringsvideo om nettstaden (under Hjelpefiler).

Som eg har reflektert litt over i dette innlegget (mellom mykje anna), trur eg nok det i overskuelege framtid vil vere mest aktuelt å publisere bustetnadshistorie i bokform, der befolkningsdelane (familiane) i alle fall bør inngå, i tillegg til relevante illustrasjonar og tekstleg informasjon om garden / busetnadseininga i ei eller anna form.

I det siste har eg gjort meg nokre tankar om korleis ein kan kople slik trykt informasjon (familiane) mot digital informasjon (gardshistoria med meir), når den blir skrive på ein permanent nettstad, t.d. lokalhistoriewikien. Ein kunne sjølvsagt, under overskrifta til ein gard, ha lagt inn URL-en (lenka) teikn for teikn, t.d. slik:

Ner-Brøste

https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Ner-Br%C3%B8ste_(Rauma) - men det er ikkje akkurat særleg brukarvenleg.

Eit litt betre alternativ ville vore å krympe URL-en, som det finst fleire gratisverktøy til, t.d. tinyurl.com. Da ville det blitt slik:

Ner-Brøste

http://tinyurl.com/Ner-Broste

eller kanskje ein QR-kode, slik:

Ner-Brøste

(Har du ein qrkodeleseapp på mobilen eller lesebrettet skal du no få opp loklahistoriwiki-artikkelen om Ner-Brøste i Rauma. Slike appar finst det mange av, også gratis.)

Ikkje så veldig dekorativt, sjølvsagt, men etter kvart har jo mange telefonen eller lesebrettet liggande nære seg og kan med ein slik app raskt slå opp på nettsida og finne meir stoff. Og det stoffet kan jo stadig utvidast / forbetrast, med tekst, lenker, bilde osv. osv. - det vil vere dynamisk.

Kom gjerne med synspunkt nedafor her på om eit slikt kombinert papir- og digibokformat kan vere av nokon interesse særleg innafor busetnadshistoriefeltet!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar